Sitter ved kjøkkenbordet i mitt eget hus. Barna er lagt, huset er ganske ryddig (i alle fall det eg ser fra kjøkkenet) og kona er ute av huset. Bare radioen småpludrer i bakgrunnen, og det har gått opp for meg at eg faktisk er tilbake i Florø og at eg ikkje skal tilbake til Sønderborg for å studere mere.
Det er LENGE siden eg har skrive på bloggen nå. Og egentlig tar eg det som ein godt teikn. Eg har hatt det bra og har vore i rimeleg god harmoni med meg sjølv og omverda. Sidan vi forlot Sønderborg har eg hatt ei helg heime i Florø, to veker i Bergen, ei veke heime i Florø og to dagar på min nye "jobb" Florø Lufthamn. Eg føler for å fortelle litt om kva som har skjedd.
I Bergen vart vi innlosjert på Rica hotell Bergen (eller omvendt;-))med fri flybuss i 14 dagar og med beskjed om å sørge for middag og kveldsmat sjølv. Vi vart delt i to grupper der mi gruppe besto av 5 av oss samt Bård som kom fra Molde Lufthamn og glei bra godt inn i gruppa vår (kan jo ikkje være lett å komme inn i ei så sær og samansveisa gjeng). Vår gruppe hadde første veka på kurs med Kjell som fortalte alt vi trong å vite om NAIS. Det fine var jo her at han la ut om dei relativt gamaldagse og tungvinte løysingan i dataprogrammet som om det var det mest geniale ein dataprogrammerer nokon gong hadde funne opp. Det var fasinerande og vi fekk lært mykje om dette programmet som vi er nøyde til å bli gode venner med etterkvart.
Den andre veka hadde vi norsk meteorologi med Marit "the guru" Rabbe. Ho var ein verkeleg inpirerande meteorolog å tilbringe tid med. Eg begynner faktsik å tru at alle som er lidenskapeleg interessert i vær er slik, då også dei som underviste på SAC var verkeleg flotte menneske. Prikken over i-en var ein eksamen i met på fredagen. Marit var forresten svært nøgd med kunnskapen vi hadde med oss i fra SAC. Det er hyggeleg å få høyre.
Forrige veke var "flyttingsveke" og ikkje ferie. Den brukte eg til å flytte på mange ting i huset. Eller det meste som vart flytta var vel i fra huset og ut i garasjen eller bosset. Ellers flytta eg litt gras i fra plenen (sidan det var blitt så langt). Eg flytta og ein del støv fra gulv til støvsugar, og ein del skit fra gulv og opp i vaskebøtta. Det blei og flytta ein del god mat fra tallerken og ned i magen denne veka. Eg flytta meg også mange gonger på sykkel fra heimen og til Johanne sin barnehage, sidan ho insisterte på at eg kvar dag skulle sykle med henne t/r barnehagen. Og så fekk eg jo vere med å ønske John Andreas velkommen til Florø (han hadde flytta seg sjølv).
Så, i går, var det første dag med On Job Training ved tårnet i Florø. Den dagen begynte med at vi møtte opp kl. 1000 i tårnet. Der møtte vi Cammilla Opplæringsansvarleg. Ho tok oss med opp i møterommet i 4. etasje i tårnet. Der fekk vi ein god del info om kva som skal skje framover og vi fekk høve til å stille masse spørsmål. Det var nokre koselege og informative timar. Etter dette tok ho oss med opp i tårnet der vi fekk møte Arild som var på vakt. Det tok jo bare 3-4 minuttar før vi var midt i ein relativt heftig fagforeningsdebatt!! Ellers så gav jo været oss litt av ein start på opphaldet. På morgonen hadde eit fly diverta til Bergen og vi fekk sjølv sjå at eit helikopter sto LENGE på runway og venta på god vind. Arild leste vind 170/27 første gong vi høyrde på radioen. Så vart det 170/26 og han hadde ikkje før sagt 170/25 før kapteinen leste tilbake "Off we go" og helikopteret letta.
Ellers tok ein Widerøe maskin kontakt på frekvensen. Dei var 50 sjømil utanfor Florø. Plutseleg spurte kapteinen på flyet om det ikkje var ein Mr. Hordvik i tårnet. Eg vart jo heilt pass, då eg trudd flyet ville bruke Florø i staden for Førde, men så viste det seg at det var min gode venn Martin som ville prate med meg;-) Så då fekk eg jo ein veldig fin og roleg debut på radioen. Kan komme godt med.
Vi vekk og den LENGE etterlengta tilgangen til AVINOR sitt intranett "innsiden." Du verden, det var like før eg gjekk ned på kne og kyssa gulvet. Tenk at eg skulle få oppleve å få ein slik tilgang;-)
I dag brukte vi første halvdelen av dagen med lufthamnsjefen. Ho fortalte oss om AVINOR og om Florø lufthamn. Det var interessant og vi fekk vite mykje. Siste del av dagen brukte vi i lag med Lufthamnvakta. Dei skulle ta oss med på ein bli-kjent runde på flyplassen. Det var ei alvorleg lang sjekkliste dei skulle ta oss gjennom. Det var interessant, og vi fekk og der stille spørsmål. Er det bare hyggelege folk i luftfarten? Eg er fortsatt overbevist om det.
Vi fekk og begynt litt på eit av dei 3 e-learingskursa som vi må igjennom for å få ID-kort. Resten av kursa satser eg på å ta i morgon.
tirsdag 21. oktober 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)
