onsdag 30. april 2008

I tårnet-dagen.

(Dette er bilde fra tårnet i Florø)
I dag var det en veldig fin start på dagen. Det var en tidlig, men fin start. Ein dag i veka treffer vi skulesjefen, og då skal vi snakk om ting, men så skal vi og få sjå på ting. I dag gleda vi oss til å få komme på besøk i tårnet på Sønderborg Lufthavn.

Det vart ein svært interessant møte. I fra Norge har eg nok en 20-25 timar i ulike tårn, så eg følte meg ganske sikker på kva eg fekk sjå der. Eg vart faktisk overraska. Veldig overraska. Bak i hodet viste eg det jo egentlig, men eg var ikkje skikkelg forberedt. I tårnet på AFIS-plassen Sønderborg Lufthavn har dei radar!!!

Dette har ikkje AFIS-plasser i Norge enda. Alle AFIS ønsker det, men det er visst nok Flygelederforeninga som er i mot det. Så da må ein jo gå nokre rundar i byråkratiet. Ein kan jo ikkje prioriterer sikkerhet i luftfarten, sånn heilt uten vidare;-)

Eg vart rett og slett svært overraska over kor fantastisk redskap radaren var. Den kommer på ei telefonlinje fra ein radar 25 mil borte og viser bilder over flybevegelsane på ein smekker liten flatskjerm. Det er heilt utruleg. Denne teknologien finnes i dei fleste flytårn i Norge og, men ein får altså ikkje lov å bruke den i tårnet (men ein kan bruke den i kontora under tårnet).

På radaren kunne ein zoome ut slik at ein såg flytrafikken heilt opp til Sør-Norge og like langt vekk i alle andre himmelretningar. Ein kunne zoome inn slik at ein kun såg flya i det nærmaste området, ein såg grensene for alle luftromma, ein kunne merke flya som ein ville fokusere på med valgfri farge, ein kunne merke eit fly og så berekne når det ville komme til flyplassen, ein kunne merke fleire fly (som f.eks. var på veg inn til flyplassen) og sjå kor fort og kor høgt dei gjekk i forhold til kvarandre. Det virka som det var veldig arbeidsbesparande på AFIS-operatøren, og det virka veldig mykje sikrare enn slik det er i Norge. Eg har lyst å kjøpe radar på Tax-freen når eg skal i konfirmasjon i Volda.

Ellers var vi ute i kveld og såg Chelsea-Liverpool på storskjerm. Det var eit sorgens kapittel og Liverpool tapte 3-2. Eit enda større sorgens kapittel var at det beste rommet på staden vi var på, var booka for ein privat fest. Vi fekk heldigvis sjå på litt stor skjerm ein annan stad i bygningen. Det begredelege var at privatfesten var for ungdom i 14-15-16 års alderen.

I Danmark har dei lov å selge sprit til ungdom i fra 16 år. Det er så tragisk, at det ikkje finst ord. Det var altså knall fult av ganske drita ungdom i ungdomsskulealder. Vi var faktisk ganske einige om at vi var glade for aldersgrensene i Norge. Danmark står meir og meir fram som eit liberalt land, der mange reglar egentlig bare er vegleiande. Og på mange måtar, etter mi meining, er dette negativt.

F.eks. står det på inngangsdøra på Skolehjemmet at det kun er lov å røyke ute, på bestemte områder. Likevel røyker folk på romma sine, så det til tider, virkelig stinker her. Rommet eg fekk var fullstendig innrøykt før eg fekk det. Nå går eg med eddig kvar ein dag for å prøve å få røyklukta vekk. Til nå har eg måtta velge mellom røyklukt og eddiklukt på rommet. Kva er verst? Men i dag var det ganske nøytral lukt her. Kanskje eg har vunnet kampen om dårleg lukt?

I morgon er det kristihimmelfartsdag, då skal eg prøve meg på kyrkjebesøk igjen....

tirsdag 29. april 2008

Paracet-dagen

I dag vart det lite gjort, gitt. Uten om det som skjedde på skulen. Vi hadde navigation i dag og. Og for eit kjør. Vi satt som tomme skall i går, i dag hang vi som tomme skall over pulten. Som sagt før; læraren er virkelig flink. Men etter kvart som han har gått gjennom noko spør han: "ok?" Kva skal du svare på det? Det er ikkje lett å svare på eit ja-nei spørsmål, når det einaste lille håpet du har er at du kanskje skal klare å forstå det bare du får tatt med deg bøker og oppgåver heim, slik at du får sett på det i ro og fred. Eg kunne jo svart "kanskje," men då kan du være sikker på at han ville gått gjennom det samme ein gong til, men bare på ein ny måte. Og ville det lille hode mitt tåle det?

Derfor sitter heile klassen med store, blanke auger, og smiler troskyldig til han når han spør: "OK?"

Det vart Paracet på meg i dag. Til Frokost (som er den danske lunch i 1130-tida). Det gjorde underverker. Det satt stramt rundt pannebrasken i dag, og ville ikkje slippe taket. Så då vart kunnstige stimuli svaret. Kunne jo prøvd med kaffi, men når inntaket er så pass høgt som det er nå, skal det ganske store ekstra mengder til for å kunne "ta toppane." Så eg bare strakk handa ned i sekken, og fiksa opp litt "godteri."

Vannet her, som eg må svelge det ned med, er verkeleg ikkje noko å skryte av. Det smaker rett og slett rart. Det er jo kalkinnhaldet som er skulda, trur vi. Eg har valgt å ta det på den positive måten, og tenker at kalk er sikkert bra for ein mann i min alder. Eg drikk jo så alt for lite melk, så då kan eg heller bygge litt skjelett med å drikke vatnet her. Trur eg.

Ikke bare smaker vatnet rart her, men vi må gå og spørre etter vannmugger kvar enda dag, og nesten til kvart måltid. Vi har jo lurt på kvifor det ikkje er automatikk i at det kjem vatn på bordet. Per Christian (ein kollega i AVINOR;-)) hadde tenkt dei samme tankane som meg, og han kom fram til at vatnet mest sannsynleg er så farlig at du ikkje vil finne ein danske i denne byen som vil drikke det. Han meinte han kunne sjå på dei som sat rundt oss, at dei nå var hellig overbevist om at det er oss nordmenn som er dei ekte vikingane. Dei sat vist nok med eit beundrande blikk og såg på oss;-)

Kva skal man tenke når man er på eit intensivkurs, og ikkje har fått lest noko heile dagen? Jo da tenker mann at det kjem ein dag i morgon og. Og det gjer det.

mandag 28. april 2008

Anonymiserte komentatikere

Eg har fått meg ein ny hobby. Ikkje det at det trengs her nede. Her har vi meir enn nok med å veksle mellom skrivepulten der bøkene er, senga, matsalen, skulen og rommet der vi sitter og diskuterer. Men den nye hobbyen min har rett og slett tvunget seg fram dei siste dagane.

Eg har begynt å jobbe knallhardt med å finne ut av kven dei anonyme komentatorane er på bloggen min. Eg er jo lykkelig for at nokon gidder å gi livsteikn på bloggen min. (Dåkke skal vite at det gir meg mot og livskraft å vite at nokon leser mine impulsive ord (snufs).)

Dei som er lette å kjenne igjen er når dei kaller meg "bror" (da er det broren min som skriver) eller når nokon skriver namnet sitt under (Eg kjenner i alle fall 3 som heiter Ragnhild (;-)). Og så er det litt lett å finne ut når ein skriver med enkelte skrivefeil, slik at ein skjønner det er ein god venn fra Sveits som har skrive;-) Og så er det veldig søtt når Mari signerer med "din lille Mari."

Ellers så er det litt pirrande å prøve å finne ut kven som skriv som anonym. Stå på, gi kvardagen min litt utfordringar:-O

I dag gjekk dei fleste av oss på ein smell i klasserommet. Vi har ein veldig flink lærar i Navigation. Han er dyktig i faget, og god pedagog. Likevel satt vi som tomme skall på slutten av dagen. Eg sjølv fekk ein veldig klar opplevelse av at hodet ikkje tok i mot meir. Eg følte så veldig tydeleg at vi virkelig var blitt proppa fulle av informasjon.
Dette gjorde at eg var supermotivert når vi kom heim, til å repeter kapitlene. (Eg var vel egentlig livredd for at faget skulle glippe allerede nå). Så satt eg meg ned, og så begynte eg å repetere, og så syntes eg det var kjempeinteressant!!! Tida og sidene bare fløy forbi, og eg var glad:-)

Det var egentlig ganske kjekt å oppdage at noko eg ikkje trudde eg hadde skjønt, faktisk hadde festa seg litt.

Eg må seie at eg er sjeleglad for at eg har tatt privatflygarsertifikatet før dette her. Eg har av den grunn tross alt litt kjennskap til kva det vert snakka om. Men dei på kullet som ikkje er så inne i flyverdene, må jo av og til verkeleg slite? Eg har ikkje fått sjekka ut korleis dei opplever det, men hadde eg vore dei så hadde eg ikkje skamma meg over at eg av og til følte meg litt "LOST".

Eg har vel egentlig ikkje presentert dykk for mine nye kollegaer i AVINOR. Og det gjer eg vel ikkje nå heller. Eg vil berre seie det at det står respekt av den einaste jenta (norske) på kullet. Det skal sterke nerver og nyrer m.m. f0r å tåle alt ho må se og høyre.

Vi sitter jo 4 i kvar Peugeot 206/207 når vi kjører til skulen. Dette er virkelig små bilar. I dag kjørte vi forbi ei ung dame som sykla på vegen. Vi som kjørte bakerst såg bare at Peugeoten forran halla kraftig mot fortauet når dei kjørte forbi henne. Heldigvis for gutta så kom vi inn i ein flow med rødt lys, slik at damen sykla forbi bilen 3 gonger. Til slutt klarte dei ikkje å halde seg, så dei fløyta på henne. Jada.

Eller så har vi diskutert snus i dag. Vi fann ut at halvparten av gjengen snusa. Samt at jenta på kullet hadde drømt om snus i natt:-) Ho har jo vore ut på byen med gutta både fredag og laurdag, og har nok lært litt av korleis primater kan oppføre seg i jungelen. Nå går ho livredd rundt og gruer seg til ho begynner å drømme om jenter også. For med eit slikt fokus som det er her, kan det ikkje være lett å stå imot.

I morgon er det heile dagen med navigasjon. Johoooo

søndag 27. april 2008

Innvielse av rådhustrappa

Nå har vi vært her i Sønderborg ei veke, og det skulle bare mangle at ikkje rådhustrappa vart innvia.

Som eg har sagt før, er det ein utruleg flott gjeng eg er i lag med her. Vi har funnet på litt av kvart. I går drog vi en rask harrytur til Tyskland (Flensburg). Det brukte vi et par timer på shoppingsenter, før vi drog heim igjen. Det er jo bare ein halvtime å kjøre kvar veg, så dette kan vi gjere kvar dag om vi vil.

Vi har og prøvd utelivet i ulik grad. Den første kvelden fekk eg min første utekakao og på torsdag inviterte skulen oss på italiensk restaurant. Eg må nok innrømme at eg ikkje har vore blandt dei ivrigaste når det gjeld uteliv, men det har derimot nokon av dei andre vore;-)

Sjølv om vi har vore seriøse og lest store deler av helga, var det nokon som var lenger ute enn dei andre på fredag og i går kveld. På fredag fann dei seg ein koseleg plass med dansemusikk og der gjennomsnittsalderen var 55+. Der trivdes dei godt, tydelegvis.

For dei var på same plassen i går kveld. Dei hadde handla diverse i Tyskland, det er billig med diverse i Danmark, og i tillegg vart dei påspandert diverse på utestaden.

Det endte med at ein av oss sto på trappa ved rådhuset i byen og "ropte på elgen" medan han innvia rådhustrappa med "pjuk". Etter innviinga vart han sendt heim i taxi. Det vil sjølvsagt aldri komme ut kven dette var, då vi sjølvsagt er lojale mot kvarandre, men vil du vite kva parti han stemmer på kan du sende "Bondevik" til 99042413.

Humøret er likevel på topp, og vi held fortsatt fokus på det som er viktig. Nemleg å lese.

Har de forresten spørsmål om radiokommunikasjon og radarteori, så må de bare ta kontakt. Då helst på mail sidan det koster litt for meg å ta i mot telefonar frå dykk;-)

Nå tenkte eg at eg skulle ned på styrkerommet og pumpe litt jern, men dessverre har eg blitt forstyrra pga av PCèn min er så ufattelig treg. Av ein eller annan grunn har han bestemt seg for å bruke alle kreftene sine heile tida. Det betyr at prosessoren jobber 100% sjølv om eg sjølv ikkje rører maskina. Når eg då ønsker å bruke maskina, går det reint i stå for han (det må være en han, sidan han kun klarer ein ting om gonge). Det verste med dette er at eg ikkje får skypa med familien heime.

Har nokon gode råd, utanom å kjøpe ny PC, vert eg glad for det.

Etter middag i kveld er vi ein lite gjeng som set oss ned for å repetere det vi har lært i navigasjon. Det er akkurat nå litt synd at Vår Herre har skapt alt så komplisert.

Forresten er det mange ting som er komplisert. I dag skulle eg på gudstenste i kyrkjar her. Ho ligg kun 3 min gange frå EUC. Eg rekna nå med at alle gudstenester begynner kl. 1100. Det gjorde det ikkje. I dag begynte ho kl. 1000, så eg fekk bare med meg dei 5 siste minuttane.

Eg gjekk og sjekka ein plakat ved kyrkja om når det var gudstenste neste gong. Då viste det seg at det er gudstenester til mange forskjellige tider på søndagane. Av og til kl. 0900! Prøver igjen neste søndag.

lørdag 26. april 2008

Bilder fra Sønderborg Aviation Center og fra flyplassen

Bilde fra klasserommet på Sønderborg Aviation senter. Vi disponerer dette rommet (til undervisning). Så disponerer vi eit datarom, eit møte rom og simulatorrommet. Alle foto har Tor Arne Apalseth frå Gloppen tatt. Dette er SAC. Det er rett og slett eit brakkebygg som ser ut som ein "H"


Det var fint vær dei første dagane..... Bak fotografen er flyplassen.
Her har fotografen snudd seg og tatt bilde utover mot flyplassen i Sønderborg.


Og her er bilde mot nokre av hangarane. Her er det businessjetene holder til.



fredag 25. april 2008

Gult er kult


Eg skjønte fort at eg burde hatt med meg to par tøfler til Danmark.

Vi bur i ein svær bygning med sikker 70-80 rom, i 3 etasje. Det vert mykje gåing til alt mogleg, f.eks. matsalen. Her trengs det tøfler.

På skulen sit vi fra kl. 0900-1515, og eg klarer bare ikkje å sitte slik i varme sko. Eg må ha luft.

Den andre dagen her gjekk eg difor til anskaffelse av nye tøfler. Ein tilfeldighet gjorde at det vart Gloks (?) Cloks (?). Men fargen var ingen tilfeldighet. Det bare vart slik pga. at det var dei einaste som var passelege til meg;-)
Tøflene er gode å gå i og eg har fått mykje "cred" for fargen. Nokon på kullet, dei som sitter skrått bak meg, har signalisert at skoa til tider trekker litt mykje merksemd vekk fra undervisninga. Dei opplever det slik at bare eg leer litt på føttene, så trekkes blikket deira mot det gule som beveger seg.
Men etter at vi, i Human performance, lærte at mennesket kan tilpasse seg veldig fort, har dei blitt vande med det.
Skoa skal følge meg opp i eit eller anna AFIS tårn. Eller kanskje dei vert ofra på ein rituell måte om eg kjem meg gjennom alt dette med tøflene godt planta på jorda.

torsdag 24. april 2008

Rommet mitt

I dag fekk eg fantastisk pakke fra Florø. Ikkje minst var de fint å få mobilladeren. Da kan begynne å ta bilder som eg kan viser dykk.

Det beste var likevel kort fra Jorunn og teikning fra Johanne. Johanne hadde teikna meg og henne på det nye rommet mitt. Teksten var: Til pappa. Dette er du og rommet ditt i Danmark. Inne på rommet ser du senga. Eg holder deg i handa. Helsing Johanne. Då begynte eg å grine.

Her er rommet mitt, dessverre utan Johanne.






onsdag 23. april 2008

Ein vanleg dag.

Ein vanleg dag, slik eg ser at det må bli framover:

Kl. 0630: Stå opp, dusje
Kl. 0700: Frokost
Kl. 0730: Førebu dagen, skumme gjennom dagens fag
Kl. 0845: Vi drar 4 i kvar bil til flyplassen (vi har 3 bilar)
Kl. 0900: Undervisning
Kl. 1515: Undervisning slutt, vi drar til skolehjemmet
Kl. 1545: Går ein tur eller trener (har gått tur kvar dag til nå)
Kl. 1700: Middag
Kl. 1800: Lese
Kl. 2000: kaffi/Lese
Kl. 2015: Lese
Kl. 2200: gå på rommet
Kl. 2330: Legge meg.

Det er kanskje ikkje alle dagar som vert normale. Men det var slik dagen var i dag, og det er eg nøgd med, så difor ønsker eg at dei normale dagane skal være som dette.

Ai Ai Ai!!!! v. 2.0

Sidan min "smukke" sønn Åsmund ikkje trur på meg når eg fortel LITT av det vi lærte i går, må eg nesten få fortelle litt om kva vi har lært (eller rettere sagt: gått gjennom) i dag:
VOR, DME, TACAN, DVOR, TVOR, NDB, VHF, VLF, UHF, OMEGA, LORAN-C, OMEGA, ILS, MLS, CAT I, CAT II, CAT III, PSR, SSR, MSSR, FDPS, RDPS, SDD, IDD mm. Og da har eg skrive det vi har vor innom fram til s. 33. Men i løpet av heile dagen gjorde vi oss ferdige med s. 103. Så vi har nok gått gjennom litt meir enn det eg har informert dykk om.

I dette faget, som heiter Equipment, skal vi så gå gjennom alt dette skikkeleg, og grave oss godt ned i stoffet. Jada.......

Maten her må eg kanskje få lov å skrive litt om. Eg trur eg kjem feit, men sunn tilbake til Norge. Vi får nemleg svært god mat her, og det er ufattelig mye sunn mat å velge i. Og så har eg fått eit tips frå ein fin plakat i kantina: legg først salat m.m på fatet, så poteter/ris e.l. og så til slutt kjøtt og anna "usunt". Da får man så pass lite plass til det "usunne" at det blir litt mindre av det. Dette har eg bestemt meg for å praktisere.

Middagen i dag var altså først en liten runde i den "grønne" avdelinga, der eg enkelte plukka med meg salat av ulikt slag, litt champingjong, litt solsikkefrø, litt rosiner, litt agurk og litt tomat. Så tusla eg roleg bort til den hjemmelaga potetstappa, før eg så auste opp litt sosekjøtt. (Eg bør kanskje ikkje skrive at eg gjentok dette to gonger i dag?).

Frokostrundstykkene til frokost er ferske og svært lekre, men det skriver eg om ein annan gang.

Nå skal eg altså sette meg ned å repetere det vi gjekk gjennom i Equipment i dag. Så skal eg repetere det eg ikkje fekk repetert i går. Og så skal ein del av oss samlast nede for å gå gjennom oppgåvene vi fekk i går. allerede nå har vi egentlig skjønt at det kan bli lite "uteliv" her i byen.

Forresten så vart Richard klassekontakten vår.

tirsdag 22. april 2008

Ai Ai Ai!!!!

Så var undervisninga i gong. Vi har i dag hatt ein utruleg interressant dag med undervisning innan navigasjon. Vi har lært om solsystemet vårt, vi har lært om jordens form, vi har lært om jordens rotasjon, vi har lært om kompassretningane, vi har lært om Ekvator, Vi har lært om storsirkler, små sirkler, Langitude, Latidtude, Nord/sør grader og Øst /vest grader, om årstidene, jordens avstand til solen, avstand omregnet til/fra km og Nautiske mil, vi har lært om rumb lines, Vi har lært å rekne grader om til tid og omvendt, Vi har lært om VOR, NDB, INS, LMT, UTC, ZULU pluss litt til.

Klokka er nå 2219 og eg har nesten klart å repetere det første av to kapitler vi gikk gjennom i dag.

Må forresten seie at det gjekk ganske greit å ha undervisninga på engelske, men dåkke skulle høre engelsken min når eg stilte spørsmål;-) Det var ikkje eit sete som var tørt da;-)

Men i dag gleder vi oss mest over at Florø TS har hatt ein flott konsert i Flora samfunnshus:-) Det er heilt fantastisk at dei fekk dette til i år igjen. Eg er stolte av dei, spesielt når eg tenke på kor mykje dei klarer seg sjølv. Håper virkelig at kultursjef m.m. benytta seg av gratisbillettene eg sendte dei.

Nå skal eg sjå litt på faget vi skal ha i morgon. Faget heter Equipment og handler om alt utstyret som brukes i luftfarten både på bakken og det som er i fly. Det ser ut som at første dag handler om VOR/DME, TACAN, NDB, Long-Range Radio Navigation Aids, ILS, MLS, RADAR m.m.

Gjengen eg er med er fortsatt veldig fin, og 22 åringane er minst like vaksne som eg var når eg var 22. Rart igrunnen.

mandag 21. april 2008

Sønderborg Aviation Center

Så har vi endeleig fått vore på skulen og møtt litt folk. Vi har møtt skolesjefen, Sjefsinstruktøren, Flyplassjefen og Hovedansvarlig for meteorologien. Det var alle hyggelige folk i fra 40+ til over 60. Vi fekk og ei ny dame på kullet, hun er fransk men snakker Dansk. Hun er også 37, så da er vi 2 gamle.

Vi har fått utdelt ein del utstyr i dag. Vi har fått alt som trengs til faget vi skal ha i morgon (navigasjon). Dette inbefatter litt forskjellig. Det er ikkje så reint lite vi skal gjennom, og i dag vart det sagt klart og tydeleg at kurset er eit intensivkurs over 5 månader. Det vil seie at ein må stå meir på enn om ein gjekk på universitetet el.

Vi fekk og en rundtur i buss i dag. Vi kjørte rundt på hele denne smukke ø som heter Als. Vi fekk til og med se en skog. Og så veit vi nå kor den lækreste stranda er. Våren er forresten kommet ganske langt her. Graset i hagane er klippet, tulipanene står 30-40 cm opp av jorden, men har ikkje opna seg enda. Vi såg til og med frukttrær i blomst i dag.

Ellers har man her reklamert kraftig for Tyskland. Det er bare 3 mil å kjøre til grensa. Der kan man da kjøpe 3 kasser øl for 100 Danske kroner. Gutta fekk jo sjølvsagt hakeslepp og ville helst sette seg i bilen kl. 1930 i dag. Dei ville jo klare å komme fram før kl. 2000?? Uheldigvis er det ikkje lov å ha alkohol her på hjemmet eller på området, men dei meinte visst dei skulle klar å få dette til likevel.

Ellers så har snusarane hatt stort prosjekt på gang. I Danmark er det forbudt å selge snus, så gutta kjøpte snus for kr. 1000,- i taxfreen på Gardermoen. Uheldigvis var det ikkje kjøleskap på romma, slik at dei kunne lagre snusen godt. Turen gjekk difor i dag til en elektrobutikk der dei kjøpte seg en kjølebegg (oppladbar må vite). Så nå har roen senka seg igjen.

Når det gjelder påstanden om at tilgang på noko auker forbruket, så føler eg at snus i Danmark kan være eit godt eksempel som Krf kan bruke i alkoholdebatten;-) Her er det forbudt å selge snus, difor er det heller ingen som bruker det. Ingen av dei vi har møtt kjenner nokon som snuser. Og dei lurte egentlig veldig på kva det var, det gutta putta under leppa....

I morgon starter nok peset, men det skal bli godt å komme igang. Vi fekk forresten kule ID kort i dag, så da er det fleire enn meg som er nøgde;-)

Om eg ikkje snart får kommentarer på innlegga mine som viser at noko leser dette, sletter eg tilgangen dykkar og bruker det heller som privat dagbok. OK?

søndag 20. april 2008

Stundenthjemmet

Så er vi kommet til Sønderborg. Været var nydelig, og det var 15 grader når vi kjørte innover i våre 3 nye Peugoter (206 HDI). Små men gode biler.

Studenthjemmet er et ordentlig hybelhus med vakt, med masse beskjedar på vegggene, stor spisesal og små rom. HELDIGVIS var eg ein av dei heldige som fekk enerom med eige bad/toalett. Nokon av oss må dele bad med 2 andre, men alle har eige rom. Mitt ligg i toppetasjen med takvindu. Når eg får mobilladeren min, og får mobilen til å virke igjen, skal eg ta bilder av rommet. Så kan dåkke sjå sjølv. Men det er eit lite rom...

Vart ikkje gjort så mykje i dag, utanom at mange av oss tok sin første utepils i sola. Eg tok min første utekafekakao. Det er litt rart å sitte i sola, og så veit du at det ikkje er nokon fjell ho skal gå bakom. Kun rett i havet.

Maten her var god. Og det var det vi hadde fått beskjed om og. I spisesalen fekk vi inntrykk av våre medelervar. Det var mange polakker, tyskere og finner her. Det er nok dansker og, men sidan det var søndag, så var nok dei "hima sjå na mor."

Vi får en rolig begynnelse i morgon, men fra tirdag er helheim laus. Det er i alle fall det vi har fått prenta inn i oss i dag og. Det blir knallhard pugging frå dag 2 (sidan dag 1 vel er i morgon).

Har fått internett på rommet nå, så eg kunne Skype med familien heime. Det var veldig koseleg. Problemet med dette i heimen, er at stemma mi høyrest ut som Donald D. Noko er alvorleg gale, der heime. Håper vi klarer å ordne på det.

Hjemlengselen har nesten vore fråværande i dag. Men eg har tenkt litt på dei sterke opplevingane eg hadde siste veke før eg dro. Eg opplevde ungane mine på ein ny måte dei siste dagane. Det var som eg såg meir detaljar av dei. Det var sterke opplevingar, som til tider satte meg ut. Men nå skal eg ta dei med meg som gode minner framover.

lørdag 19. april 2008

Knallhard realitet

Så var vi i gang. I dag møtte eg resten av mine medstudentar på Gardermoen. Det virker som å vere ein hyggeleg gjeng. Vi er fra forskjellige delar av landet og i absolutt ulik alder. Det vil seie; det er eg som er i ulik alder;-) Når eg skulle presentere meg visste eg ikkje om eg skulle seie kor gammal eg er, eller om eg skulle fortelle kor gamal eg var når dei andre vart fødde. Mange av desse er fra 22-24 år, men det er ein på 29 og ein på 31, i tillegg til meg som er 37.....

Vi har hatt knallhard realitetsorientering i dag. Det har, både av vår kontaktperson og av personalansvarleg, blitt understreka omtrent 78 gonger at dette vert knallhard pugging frå dag 1. Eg var sjeleglad for at eg har tatt flysertifikatet. Hadde eg ikkje hatt det, ville eg ha følt meg ganske lost på mykje av det som vi fekk høyre i dag.

Den største overraskelsen var likevel at vi mest sannsynleg vil få pliktteneste når vi er ferdige. Med tilbakeverkande kraft. Det har eg aldri høyrt om før, og eg fekk skikkeleg lyst til å organisere meg i ei fagforening.

Eg tok tidleg kveld i dag. I morgon drar vi frå hotellet kl. 0820.

fredag 18. april 2008

Avslutning på jobben

I dag var det jo og siste arbeidsdag på jobben. Det er jo ikkje heilt vanleg å seie opp jobben i prøveperioden, men slik vart det for meg denne gong.

Avslutningsdagen vart ikkje heilt som planlagt. Dette skuldast m.a. sjukt barn i heimen. Johanne (minste jenta) har vore sjuk heile veka. Også i dag. Eg var heime med henne onsdag og torsdag, og fekk difor ikkje gjennomført avtalene mine desse dagane. Det førte til at det vart litt meir stress på avslutningsdagen enn eg hadde tenkt. I tillegg vart dagen i dag kortare enn planlagd, då eg måtte heim til mitt sjuke barn i 14-tida. Ho var med Jorunn (kona mi) på jobb først på dagen, slik at eg skulle få avslutte jobben min på skikkeleg vis. Men altså mot slutten av dagen måtte eg heim og ta meg av henne.

I tillegg til dette, så var dei fleste andre på jobben veldig travle (med m.a. jobbintervju for å skaffe min arvtakar), så den heilt store nedtrappinga mot helg vart det ikkje. Eg fekk nå sagt takk for meg til dei som var der, og det gjekk heldigvis ganske greit (for min del betyr det; utan tårer).

I morgon kl. 0700 dreg eg med fly til Oslo for å ta fatt på det som eg har gleda meg til lenge. Ærlig talt må eg seie at alvoret sakte men sikkert har komt inn over meg den siste veka.

Akkurat nå føler eg at dei har rett alle dei som har sagt til meg at eg er nå ganske tøff som gjer dette. Flytte frå familien så lenge m.m. Ta ei utdanning der du ikkje veit når det vert lyst ut ledige jobbar. Kor mange flytårn er det egentlig i Sunnfjord;-)

Det er faktisk ganske tøft for meg nå, når eg snart skal dra. Men eg trur det blir bra, bare eg kjem i gong. Den største bekymringa er jo at eg bekymrar meg for dei som vert igjen heime. Det er f.eks. ikkje bare-bare å være plutseleg åleinemamma med tre ungar og ein krevjande jobb.

Mange gode venner har sagt at dei vil hjelpe oss med barnevakt m.m. i denne perioden. Det er vi veldig glade for. Eg håper bare det vert lett å spørre dei framover.

Nå skal vi kose oss i heimen, og ha avskilsparty:-)

Ansvarsfull (ung) mann søkes

I dag fekk eg for første gong tillitt av AVINOR. Og det til og med før vi har begynt:-) Håper det blir meir etter kvart. Dei lurte på om eg kunne være ansvarleg for bensinkortet vi har tilgang til i Sønderborg;-)

Eg har tydelegvis framstått som ein ansvarsfull mann, om ikkje ung.

Det er nå kjekt å få litt ansvar i Danmark, men ikkje så kjekt om det skulle bli surr med kvitteringar osv. Og så får eg nok ein PIN-kode å halde orden på.....

Eg har sjølvsagt takka ja til ansvaret. Gjer jo alltid det:-) I og med at eg er glad i skjema, er vel kona rimeleg bekymra for om eg lager så vanskeleg system at eg går alle på nervene. Ja, ja. Vi skal nå ikkje være på "Farmen", så eg kan vel ikkje bli stemt ut.....

torsdag 17. april 2008

Pakking

Nå har eg lagt veldig mange klær ut over senga. Eg har begynt å pakke...........

Det er ikkje så lett, egentlig. Skal eg ta med alle sokkane mine? Her i heimen trengs dei jo ikkje. Og ikkje treng eg å begrense meg på same måte som når eg skal på weekend. Eg kan faktisk pakke i meir enn eit kolli om eg vil. Eg skal trass alt vere vekke i 20 veker. Kor mange weekendar vert det?

Vi har jo sjølvsagt høve til å vaske klær på studenthjemmet, men er det noko poeng å ha med seg så lite som mogleg? Grensa på flyet er 20 kilo. Kan bli mange truser av det..

Dei tyngste tinga skal heilt klart i handbagasjen, uansett. I morgon vert alt avgjort.

onsdag 16. april 2008

Avskjed med gamle kolleger

I går inviterte mine kolleger meg ut på middag etter jobb. Dei meinte vi måtte gjere det før eg slutta. Vi hadde nåken koselege timar på Hjørnevikhagen.
I avskjedgåve fekk eg ein orkidè, eit lite leikefly eg kunne ha med meg til Danmark og veldig gode ord. Hadde du hørt den talen til meg, så hadde du blitt både stolt og glad på mine vegne;-)

Den gjengen eg har jobba med på Origod har vore heilt fantastiske. Det som var nytt og best for meg var at miljøet er basert på at vi alle skal hjelpe kvarandre og kunne rådføre oss med kvarandre. Og det er heilt tydeleg at når ein spør om hjelp, så er kollegene både interessert i å hjelpe og dei har kunnskapen som trengs.

I min tidlegare jobb som kateket var arbeidsoppgåvene ganske mykje meir einsame, sjølv om eg hadde 3 prestar og 2 organistar å samarbeid med. Opplevinga ved å jobbe i attføringsavdelinga på Origod, er ganske, ganske, annleis.

tirsdag 15. april 2008

Før avreise

I dag er det 4 dagar igjen til eg dreg til Oslo for å treffe dei andre eg skal studere med.
For tida oppfører eg meg som ei gravid førstegangsfødande. Eg føler at eg "bygger reir." Eg går heile tida og tenker på kva som må ordnast, før eg drar.

Eg har vaska bil, eg har ordna til enkle fortøyningar på båten (slik at alle kan bruke den utan problem), eg pakker litt, eg styrer mykje med Florø Ten Sing som skal ha konsert etter at eg har dratt, eg ordne med pass og andre papirer, eg har panta flasker. Og i går monterte eg og Jorunn trampoline i hagen til kl. 2315. Ein får mykje energi når ein føler ein må gjere alt klart til noko viktig.