Var eg forberedt på kva som venta meg dei første vekene i praksi? Veit ikkje det. Vi må rett og slett gjennom ein del teori og lesing og pugging. Vi hadde jo høyrt om det på førehand, at det blei ein del teori i begynnelsen. Og vi forstår jo at ein må ha eit minimum av lokalkunnskap før ein set seg i posisjon. Likevel vil eg vel seie at det kan være vanskeleg å motivere seg til sjølvstudium. Vi må altså igjennom modul I før vi kan gå vidare. Vi har hatt prøve i lokale meteorologiske fenomen (turbulens) og lokalkunnskap (14 fjelltoppar med grader, avstand og høgde i fot) og vi har hatt prøve i innflygings og utflygingskart (det er 12 av dei i Florø.) Det som står igjen er koordineringsavtalane med Stavanger ACC og Stavanger Offshore (f.k. fredag) og teikning av FIR-kartet (neste fredag etter der igjen).
Innflygingskarta var ein bøyg. Det er mykje å huske, og vi var spente på den prøven. Vi har ikkje fått karakter enda, men har fått beskjed om at vi har stått:-). Den neste bøygen vil altså bli FIR-kartet. Det er utruleg mange luftrom mellom Kristiansund og Bergen som vi skal kunne. Det skal nok gå greit å huske høgdene i dei ulike romma, men å huske alle grensene og kor dei går nøyaktig, og så teikne dei opp på eit "blankt" ark blir vanskeleg. I tillegg skal alle VOR-ar, alle NDB-ar og alle Locators teiknast inn med frekvensar! Juhu.
Har vore i kontakt med enkelte kolleger i dag. Og alle seier at det er FIR kartet som er vanskelegast. Dei slit og med det samme som meg, at det er vanskeleg å motivere seg for topp innsats kvar dag med så mykje sjølvstudim og pugging.
Men heldigvis har vi hyggelege kolleger i tårnet, så vi går opp av og til for å prøve å huske kvifor vi held på med dette. Og da er humøret ganske bra igjen.
Ellers så har vi levd på ei livsløgn mange av oss. Vi har liksom holdt oss hardt i dei som fortel oss at praksisen er ca 3 månader, men at nokon kanskje bruker 4-5-6. Men etterkvart har håpet svunnet og vi prøver å slå oss til ro med at vi nok ikkje vert ferdige før i mars-april ein gong. Og då har utdanninga teke 1 år. Ja ja.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
