fredag 27. juni 2008

Nå er det helg, snart

Så er det fredagskveld og eg tenker nok ein gong at veka har gått fort. Det er fortsatt litt rart det der, at veka går fort, for dagane går nemleg ikkje fort. Og ikkje nettene heller. Men veka går altså fort. Vi har begynt på den siste helga før ferien, og eg tenker at det skal bli ubeskriveleg godt med ferie.

Helga har egentlig ikkje begynt skikkeleg. For vi skal ha undervisning i morgon og. Fra kl. 0800-1400. Grunnen er at læraren vår i Air Law var sjuk ein gong. Og for at vi skal få tatt dagen igjen før eksamen, må det bli undervisning i morgon. På ein måte er det like godt. For eg trur helga kunne blitt veldig lang og kjedeleg utan.

I neste veke skal vi ha Air Law på mandag og så skal vi ha tirsdag, onsdag, torsdag og halve fredag med generell radiokommunikasjon. Mange ser litt mørkt på å ha Gen com så mange dagar på rad. Men eg har valgt å sjå positivt på det. Eg trur nok dagane kan bli lange og harde (det er eit krevande fag der vi må konsentrere oss veldig når vi hører på radiokommunikasjon (og skriver det ned) og når vi deltar i radiokommunikasjon.) Men det som er bra, er at vi er ferdige med å gå gjennom teorien. Det vil seie at det ikkje kjem ny teori desse dagane, og dermed kan eg fokusere på den teorien vi har hatt sidan 2. juni. Klarer eg halde oppe intensiteten desse dagane, skal eg få god kontroll på både Gen com, Air law og Meteorologifør ferien.

Som dåkke kanskje veit skal vi nemleg ha innstillingsprøvene og eksamen i desse faga dei første to vekene etter ferien. Eg har derfor tenkt å være veldig flink å lese fram mot ferien, slik at eg slepp å lese i ferien. Håper eg klarer det.

Det som jo og er spesielt er at Jorunn og ungane skal være her den første veka etter ferien, altså den veka vi skal ha innstillingsprøvane. Då vil eg nok heilt sikkert ikkje få lest så mykje som eg burde. Difor leser eg mykje nå. (Håper nå at mine kolleger som leser dette, forstår litt meir av kvifor eg er så kjedeleg og lite sosial desse vekene;-))

Eg må nok innrømme at det skal bli godt å få ferie (eg er ikkje flau for å innrømme det;-)). Det er ikkje så mange planar for ferien, men nokon. På laurdagen skal hekken klippast. På mandag, når Jorunn og Mari er vekke, og Johanne er i barnehagen, skal eg fly. Flyet er allerede bestilt. Eg har eit håp om å få med Trond Øien på tur, og onkel Arne. Trond fekk flytur i gave av meg på 40-årsdagen sin for snart 2 år siden. Onkel Arne fekk flytur i gave av slekta til 70-årsdagen i fjor sommar.

Men først må eg opp i flyet åleine for å øve meg litt.

Så veit eg at det og er andre som ønsker å fly. Eg håper spesielt at min kollega Tor Arne får seg ein tur fra Sandane. Dette hadde eg syntes var veldig kjekt. Er det andre som vil være med på tur?

I morgon er det frokost kl. 0700 igjen.

tirsdag 24. juni 2008

Litt meir F-16






Må bare vise dykk nokre fleire bilder fra turen i går. Desse er det Tor Arne som har tatt.

mandag 23. juni 2008

Fin dag på jobben igjen....

I dag var det skuletur på plakaten. Vi skulle besøke Skydstrup Air Force base. Vi skulle på klassetur;-)

Kl. 0745 var i i bussen for å dra på tur til basen der Danish Air Force har si Fighter Wing, nemleg den militære flyplassen i Skydstrup. Turen i buss tok ca. 45 min.

På veg til basen fekk vi vite at dei planlagde flygingane med F-16 var avlyste grunna tordenvær over plassen. Dette var jo litt skuffande for oss. Dei har mange reglar også i den militære luftfarten. Mange av reglane kjem av erfaring med tidlegare uhell. Som ein sa til oss, mange av reglane er skrivne i blod. Dei har reglar for kor stor crosswindkomponent dei kan lande i (til øvingsflyging). Det var dette som var overskride på morgonen i dag. Dei har og m.a. ein regel om at dei ikkje flyr øvingsflyging om det blåser meir enn 40 knop. Dette er fordi at ein pilot som må skyte seg ut i fallskjerm vil slå seg i hjel når han lander i slik vind.

Vi begynte opphalde med å besøke kontrolltårnet på flyplassen. Der fekk vi omvinsing og forklaring på kva dei holdt på med. Det var veldig interessant å være der, og vi gjekk rundt og snakka og lærte masse av dei 5 som jobbar der. Blandt anna fekk eg for første gong i mitt liv sjå korleis ein precision aproch radar virker.

Etter dette fekk vi vite at været var blitt betre, og at det ville komme to danske F-16 og lande.
Dei hadde vore i Italia. Før dei kom inn for landing var vi på besøk på vedlikehaldsavdelinga på basen. Det er der bilda er teke frå. Det var faktisk ein stor opplevelse å gå fritt rundt og sjå på og ta på den F-16 som var der inne. Eg fekk og sitte i cockpit!!!!
Bilda er litt rotete lasta inn, og eg har ikkje kommentert så mykje, men nyt synet.


Over her ser vi rett inn i jetmotoren. Det er heilt utruleg, men piloten sit egentlig i fronten av ein rakett. Når flyet er fullasta med fuel, har det 7000 liter i tankane. Dette tilsvarer litt over 5 tonn. Da er det ikkje mykje igjen, når du har motoren (som ligg 2 meter inne i hullet du ser) og så 5 tonn drivstoff. Da er det i praksis kun kanona og cockpit igjen. Kan du ha ein betre jobb enn å fly ein slik?


Og som du se er ikkje eksosrøyret så veldig lite.

Då vi kom tilbake til tårnet fekk vi med oss både landingar og take-offs med F-16.

Det var ei oppleving å sjå (og ikkje minst høyre) to F-16 som først fløy i formasjon lavt forbi tårnet, for så å sjå korleis dei gjer innflyging for landing når dei flyr i formasjon. Kan eg klare å forklare dette for dykk? Eg prøver, og så kan de heller hoppe over dette avsnittet om det vert vanskeleg eller kjedeleg.

Eit F-16 som kjem inn for landing i god sikt (Visuelle Meteorologiske Forhold) passer eit punt før flyplassen som heiter IP (Intial point?). Dette ligg før flyplassen og 45 grader ut frå denne. Etter dette punktet flyr dei skrått inn mot flystripa og kjem midt over denne. Når dei har kryssa flystripa flyr dei til venstre og tilbake igjen mot innflyginsområdet. Når dei då er lengst ute, og har svinga 360 grader, er dei laina opp på finalen. Og kan lande rett fram. Det kule her er når dei flyr 4 fly i lag, då brekker først det første flyet av tidleg over rullebana, så det andre1/4 del inne på rullebana, så det 3. flyet 2/4 deler inna på rullebana, og så det 4. flet 3/4 deler inne på rullebana. Når dei då kjem tilbake for å lande, er det 4 fly fint på linje. På denne måten kan dei lande 4 fly på eit minutt.












Og så må eg bare innrømme det. Eg oppdaga allerede når eg var på Royal Air Force base i London at eg har ein spesiell fasinasjon for hjul og hjulbrønnar på fly. Eg syns det er fantastisk fasinerande og kikke inn under av ein eller annan grunn.

søndag 22. juni 2008

Å begynne å legge til detaljar

Det har blitt lenge mellom skriveøktene i det siste. Det er for så vidt ikkje vanskeleg å finne noko å skrive om, men eg sliter litt med motivasjonen pga tennisalbuen min. Etter at eg var i Florø og fekk kortisonsprøyte har utstrålinga i armen gitt seg, men albuen i seg sjølv er ikkje frisk. Så skriving og data er ikkje så gøy for tida.

Likevel vil eg skrive noko som eg har tenkt på heilt siden ca. ei veke før eg drog ned hit. Eg var jo ikkje særleg høg i hatten den siste veka, og humøret mitt og følelsane mine var ikkje heilt i lodd. Eg begynte jo den gongen sakte men sikkert å grue meg til å forlate familien. Og det var ei stor påkjenning å ha dette i bakhovudet den siste veka. Likevel kom det og noko godt ut av det. Eg begynte å sjå mine næraste på ein ein ny måte, følte eg.

Plutseleg begynte eg å legge merke til detaljar i ansiktsuttrykk som eg ikkje hadde lagt merke til før. Eg begynte å høre detaljar i språk og tonefall, eg begynte å legge merke til detaljar i kva dei gjorde. Det vart faktisk ei stor påkjenning å oppleve alle desse "nye" inntrykka. Men eg tok meg meg masse nye bilder inne i hovudet mitt som eg ikkje ville ha vore foruten i dag.

Desse opplevinga vart gjentekne når eg var heime i helga. Eg tok meg sjølv fleire gonger i å sitte og observere dei, og tenke med meg sjølv kor fantastiske dei er på alle måtar. Eg kjem til å kose meg med desse opplevingane så lenge eg har dei (til kvardagen kjem igjen?). Akkurat nå føler eg meg heldig som har fått oppleve dei på denne tydelegare måten.

onsdag 18. juni 2008

Ligger skikkeleg bakpå....

Nå ligger eg skikkeleg bakpå med skriving, og det er så mykje som eg vil skrive om. Men nå har det blitt for mykje å skrive om, slik at eg kvir meg på å begynne. Trur eg tek kortversjonen, slik at eg får "nullstilt" meg.

Ja, det var fantastisk godt å vere heime i helga. Det er og ei stor påkjenning å treffe familien igjen, og så dra frå dei så fort. Men vi hadde det fint medan eg var heime. M.a. fekk vi nokre timar på sjøen på søndagen før eg drog heim.

Stemninga i flokken er nokså laber nå. Eg trur ikkje det har noko med miljøet å gjere, men heller det at det er en stor prosent av gjengen som akkurat nå har dårlege dagar. Og då merkes det generelt at noko galt ikkje er heilt rett.

Vi hadde eit litt kjipt møte i kveld. Det gjekk på at eg og Hans Martin ønska å diskutere nok ein gong med gjengen om vi ikkje kunne ønske oss eksamen før sommaren. Det var nå ein ærleg diskusjon frå oss, men nokon vart litt frustrerte for at vi tok det opp nok ein gong. Stemninga hadde ikkje forandra seg så mykje. 4 ønsker eskamen i Gen.com (Radiosertifikat) før sommaren, resten ønsker det etterpå. Vi har og sendt ein forespørsel til skulesjefen om det er mogleg at nokon av oss kan ta lytteprøven før sommaren. Vi får vente på svar......

Den forrige bilen vi hadde her nekta å virke for nokre dagar sidan. Så nå har vi fått ein Toyota Yaris utan Aircondition. Dette er faktisk ikkje særleg gøy, når ein er vandt med kjøleg bil til og fra jobb. Vi vurdere å spørre om å få bytte den ut, men venter vel til etter sommaren med det.

Eg har nådd eit puntk i meteorologifaget der eg verkeleg må slite med å halde meg ajour. Vi går gjennom mange sider kvar gong, og i tillegg får vi mange oppgåver. Nå har eg brukt to kveldar (avbrutt av litt forskjellig) der eg jobber med met utan å bli ferdig med dei. Det verste og mest frustrerande er at nokon av oppgåvene er så vanskelege at eg ikkje veit korleis eg skal gjere dei. Eg reknar difor med at eg må jobbe litt ekstra med dette i helga.

I morgon er det ein progresjonstest i radiofaget. Vi skal ha eksamenslike oppgåver både teori og praksis. Blir spanande å sjå kor ein står.....

fredag 13. juni 2008

To be continued

I dag dreg eg frå skulen kl. 1145. Tar fly kl. 1230 og er i Florø kl. 1715.

Det skal bli veldig fint.

Er tilbake i Sønderborg søndag kl. 2110.

onsdag 11. juni 2008

Har eg mine skjulte sider?

Eg trur det pågåer ein debatt i gongane her som eg ikkje får være med på. Eg har nå høyrt frå to kantar at folk i gruppa mistenker meg for å være ei større festløve enn eg vil gi uttrykk for. Dei påstår altså at eg holder ting skjult for dei, at eg ikkje viser mitt sanne jeg. Korleis kan dei tru at eg holder noko skjult for dei? Korleis kan dei tru at eg ikkje utleverer meg fult og heilt, nå når vi har levd i lag sidan 19. april? Eg har fortalt at eg ikkje syns det er så veldig gøy og gå ut for å drikke og danse, og at min stil nok er å sitte ein kveld på restaurant med god mat og drikke. Men det kan virke som at nokon av dei ikkje heilt trur at det er den rette meg. Kanskje nokre innlegg på dette forum kan hjelpe til med å finne ut av kven eg egentlig er?

I dag hadde eg ein fin dag på jobb, sjølv om eg slite noko avsindig med høgre armen og skuldra for tida. Tennisalbuen som eg får av og til (sist ein laksesesong for nokre år sidan) har kome igjen. I tillegg er eg stiv rundt heile det høgre skulderbladet. (Normund har sagt han godt kan gje meg ei kortisonsprøyte når eg skal heim til helga, heldigvis.) Men eg hadde altså ein fin dag på jobb. Vi skulle ha Air Law, og eg var usikker på om eg kunne takle meir ullen historie undervisning. Heldigvis skjedde det som eg hadde håpa: læraren brukte god tid på å fokusere på det som er viktig i dei 150 første sidene. Dette gjorde at stoffe blei svært innsnevra, og til tider interessant. Nå er vi ferdige med den litt diffuse delen, og skal begynne på litt meir konkret lovstoff. Akkurat nå kan eg faktisk klare å glede meg til det.

Ellers har vi fått vite at vi skal være ferdige her på skulen den 26. september i staden for den 30. september. La meg ta det litt nøye (for spesielt interesserte):

Vi skal tilbake hit etter ferien, altså den 28. juli.
Den 31.7 og 1.8 skal vi ha innstillingsprøver i Air Law, Radio og Meteorologi.
Den 7.8 og 8.8 skal vi ha eksamen i desse faga.
Like etter eksamen får vi nok vite kva eining vi vert sendt til.
Den 26.9 er vi ferdige og kan dra heim.
Mandag den 29.9 skal vi møte i Bergen for å ha 14 dagars kurs (med eksamen) i norske meteorologiske forhold.
Den 10.10 er vi ferdige med eksamen og skal ha ei veke ferie.Den 20. oktober skal vi begynne som aspirantar på eininga vi vert tildelt.
Skulesjefen vil og prøve å legge opp til at vi kan få ei langhelg fri i overgangen august-september.
Bilde over viser frokosten min (ein tallerken med havregryn m.m. i bakgrunnen) og nista mi. Ser det ikkje både godt og sunt ut? Den er omtrent som dette kvar dag. Pålegget kan vi klare å gjere ganske sunt, men vi slit med å få grove rundstykker/brød her på huset. Vi har prøvd å nå gjennom til bakaren via ulike kanalar, men det ser ut som at danskane har vodt for å lage grov mat (utanom det grove salte brødet dei er så kjende for). Vi får sjå.

Andre ting vi slit med er at nokon opnar posten vår før vi får den. Dette har i alle fall hendt 3 gonger. Dette er sjølvsagt uhørt, og dei skal vist prøve å ordne opp i det.

I dag fekk eg rominspeksjon. Vi bur jo på eit skulehjem for (mest) ungdom. Og det var varsla at reinhaldspersonalet skulle inn på romma i dag for å sjekke om vi holdt det reint og ryddig. Tor Arne var akkurat komt ut av dusjen då dama banka på, så han sleit litt med å sjå anstendig ut;-)

Eg trur eg kom godt igjennom det. Det hjalp kanskje at eg akkurat holdt på å tørke støv når ho kom?

I morgon er det Radio igjen. Då kjem eg nok til å vandre mellom djup bølgedal (høretestene) og bølgetopp (når vi kobler oss i samen og leker at vi er flygere som snakker med eit tårn).

mandag 9. juni 2008

Å snakke i flyradio

Så vart det eit sjokk nok ein gong. Vi har begynt med radiofaget, og vi skal m.a. (på eksamen) testast på om vi klarer å høyre, skrive ned og forstå "live" radiomeldingar frå ulike tårn i Danmark. Eg har jo snakka på radio dei 3 åra eg har flydd, men når vi begynte å høyre på flymeldingar i forrige veke fekk eg bakoversveis. Eg kan ikkje unnskylde meg med at dansk-engelsk er problemet, nei problemet er nok mykje større enn det. Likevel følte eg i forrige veke at det var ein viss progresjon.

I helga høyrte eg til sammen 1,5 timar med radiomeldingar som vi har fått på CD og minnepinne. Så difor trudde eg at eg var godt budd til nye "testar" i dag. Men nei da. Når CD en startar får eg likevel sjokk over kor fort dei snakkar, kor uklart dei snakkar og kor mykje som egentlig skal noterast ned på ca. 10 sekund. Spesielt har vi lagt ATIS`en i Roskilde for hat (lurer du på kva ATIS er? Eg veit det....:-)) Den vert nemleg lest inn manuelt av ein person, i staden for å være datagenerert. Du anar ikkje kor utydeleg ein menneske kan snakke når det (tydelegvis) er konkurranse om å snakka fortare enn den datagenererte ATIS`en i København. Vi var faktisk ganske enige om at hadde nokon gitt oss ei hagle, hadde vi med glede gått den lange vegen til Roskilde for å bruke henne.

Men utruleg nok så går de betre og betre (som vanleg).

I morgon skal vi og ha radio. Då skal vi koblast opp mot kvarandre og leike at vi flyr flyruter i Danmark. Vi studentane skal være fly og læraren skal være tårnet. Då reknar eg med at eg fort finn ut om tårna i sunnfjord er snille med meg når eg er ute og flyr, eller om eg kan dette ganske bra.

Har forresten trent styrke i dag. Så nå slepp eg å kjenne på verken i den vonde skuldra. (nå berre kjenner eg på verken mange andre stader på kroppen).

søndag 8. juni 2008

Vil ikkje bli huska særleg lenge

Ikkje denne helga heller vil gå inn i historien som noko særleg minneverdig. Det har blitt lesing og litt sosialt liv. Men mest lesing.

Sidan eg skal heim til Florø neste helg, følte eg at eg måtte stå litt på denne helga. Så eg har takka nei til mange tilbod om å være sosial, og sagt ja til nokon.

Lesinga har gått bra. Eg skal ikkje seie alt eg har gjort, men berre fastslå at eg er nøgd med meg sjølv. Når det gjeld det sosiale, så var vi ute fredag kveld til ca 2330. Vi satt på ein uterestaurant å kosa oss heile gjengen (untatt dei to som tok seg ein tur til København). Avslutta med ein cheese bacon burger (utan bacon viste det seg.)

På laurdagen vart det lesing, ein lang tur i skogen, og bading. Det er nydeleg badetemperatur her på sør-øst kyrsten. Kan anbefalast. Kvelden var avslutta med fotballkamp på TV (Det er jo EM nå)

I dag vart det veldig mykje sitting på rommet. Det einaste eg gjorde ute var å gå til gudsteneste og å gå ein enda lengre tur. Ja ja. Ei helg eg nok ikkje kjem til å huske så lenge.

fredag 6. juni 2008

Trøtt og sliten (altså er allergien begynt)

Så var det å ta straka turen til apoteket. Eg måtte ha dansk mirakelmedisin. Gresspollen (heter det det?) er begynt å spre seg over de danske marker og byar. Det begynt på tirsdag for min del. Med kløing i nase og auge. På onsdag skjøna eg kva som var på gang, så eg tok turen på apoteket. Der hadde dei slikt som alle apotek har. Nemleg det vi treng.

Så nå har eg hatt nokre dagar med overdoser av Livostin nasespray og augedråpar. Dvs. ca 3 gonger pr dag. Men nå vil eg prøve å halde meg til dei 2 som det står på pakken. Det er fleire enn meg og som har fått allergien nå, det er ganske mykje snufsing rundt bordet. Og mange som må sove fleire gonger for dag. Bjørkepollenallergikarane stråler som små soler, for dei er ferdige med det, og har glømt korleis dei hadde det for 3 veker sidan.

I dag måtte vi Bjørn Magnar, som er vår kontaktperson i AVINOR. Han kunne fortelle oss at det er 7 praksisplassar som ønsker å ta i mot oss når vi er ferdige i Danmark. Og alle kunne ta i mot 2 stykker. Heldigvis var Florø på denne lista. Han kunne og fortelle oss at alle plassane skal ha folk, så det vil nok seie at enkelte av oss ikkje vert kjempeglade etter ferien når stader skal fordelast.

Det har vist seg å være moderat press på den staden som eg ønsker å dra til. Vi er 2 som helst vil til Florø, og ein som godt kan tenke seg å dra dit. Men han kan og tenke seg å dra til Sogndal. Så dette må vel gå bra vel?

Ellers tok Bjørn Magnar opp igjen dette med pliktteneste. Dette vil nok komme, har han fått beskjed om. Kva eg meiner om dette skal eg ikkje seie noko om nå, då dette kan lesast av alle.

Helga vil nok bli brukt til lesing også denne gong. Det er litt fristande å bli med på Flyshow i Karup på søndag. Det ligger ca 2,5 timar kjøring herifra. Det vil bli avgang kl. 0600 på søndag morgon. Veit ikkje om eg orker. Det spennende er at det kjem mange militære fly der opp. (Eg har aldri sett ein F16 ta av med etterbrenner) Visste du at F16 kan klatre 30 000 fot på eit minutt? Piperen som eg flyr klatrer på 500 ft/min til vanleg, men kan nok klare 1500 en stund.

Ellers har eg dratt på meg tennisalbue igjen i høgre handa. Så nå skal eg være bevisst på å ikkje skrive så mykje på data...... God helg.

torsdag 5. juni 2008

Er det mulig........!?

Så er vi i gang med Modul 2. Velkommen til 350% fleire sider enn i modul 1....... Vi har begyt på fagene Meteorolig (ca 300 sider), Aviation Law (Litt fleire sider) og General communication (Radiosertifikat) (egentlig ikkje så mange sider, men et par timar med lytteøvelser der vi skal øve oss på å høre og forstå live radiomeldinger). Og eg må seie at eg opplevde det som ein liten nedtur å begynne på dette. Eg ser at det utover i fagene kan bli interessant og lærerikt, men eg var ikkje så ovenpå psykisk at eg klarte å ta dette som ein morsom utfordring. Dessverre.

Men eg er i gang med lesinga. I dag skulle vi hatt andre dag med Aviation Law. Dessverre vart læraren sjuk, så det blei lesedag i staden. På ein måte var det bra, då eg kunne få tid til å lese dei 130 sidene eg burde lese i Met og Law. Men samtidig var det litt tidleg å få lesedag, då eg ikkje heilt var komt på innsida av faga. Det er litt vanskeleg å lese eit fag, når du til tider bare så vidt forstår kva som er viktig å huske. Mange har brukt denne dagen til å slappe av. Nokon har til og med bada. Den avslappinga eg har gjort var at eg sov middag kl. 0915-1000 og kl. 1300-1345.

I morgon skal vi treffe kontaktpersonen vår i AVINOR (han som er ansvarleg for oss). Vi skal m.a. evaluere skolen og undervisninga så langt. Det blir vel og litt prating om korleis vi har det osv. Kjenner at skrivekløa ikkje er så stor for tida. Nokon som har forslag til kva eg skal skrive om?

mandag 2. juni 2008

Gode venner på besøk




Denne helga var det duket for guttatur her i Sønderborg. Eg fekk besøk av mine to gode venner, Tore og Glenn. Det var egentlig ikkje så lenge sidan sist vi hadde guttatur. Det var i november på hytta i Hyen. Men i og med at eg var i utlandet, benytta vi høve til å møtast utanfor landegrensene.

Det vart ei veldig kjekk helg. Vi har det med å prate mykje og oppsummere kva som har skjedd i liva våre sidan sist, samt at vi må mimre litt frå gamledagar. I tillegg til dette, som foregjekk ulike stader i Danmark, opplevde vi ganske mykje.

Eg henta dei på fredagen i Billund, der Tore var komt på torsdagen, og Glenn kom på fredag kveld. Vi kjørte då til Sønderborg. Vi gjekk nesten tom for bensin på turen, så vi måtte bunkre i Aabenraa. Vi kom difor veldig seint til Sønderborg, så seit at restaurantane var stengt. Det vart difor hentepizza på rommet mitt.

På lørdagen tok vi det med ro på morgonen, og spiste ein ganske sein frokost her på huset. Etter dette tok vi turen ut til tårnet på Sønderborg lufthavn. Det viste seg nemleg at mine to gode venner ikkje hadde heilt peiling på kva eg skal jobbe med i framtida. Dei trudde, som dei fleste andre, at eg skal jobbe som flygeledar. I tårnet vart vi møtt av ein veldig hyggeleg AFIS (alle AFIS eg har møtt er hyggelege!!!) og han gav dei ein skikkeleg info om kva jobben besto i, kva firma som holdt til på lufthavnen og om dei ulike hjelpemidler og skjermar han hadde til rådighet. Vi måtte jo og snakke litt om Barrol rollen som vart gjennomført med ATR like over flystripa.

Etter dette tok vi oss en god lunch i byen, før vi tusla ned til stranda for å bade og slappe av. Det var og der vi tok fram loggboka og fekk lest opp referatet frå forrige tur. Dette skaper alltid mykje latter.

Vi hadde bestemt oss for at vi ville prøve å få til ein middag på byen denne lørdagen, så turen gjekk på kvelden til restauranten OX-EN. Vi var alle enige om at kokken hadde vore litt vel forsiktig med krydderet, men slo og fast at dansk mat er billeg.

Vi hadde tidlegar snakka om at det i Danmark er ein løvepark. Så vi spora den opp på weben, og fann ut at den ikkje låg langt fra flyplassen i Billund. Glenn skulle dra kl. 1420 på søndagen, men ville ha med seg løveparken før han drog, så vi tok ut søndag morgon kl. 0800.

Løveparken vart ein koseleg og kjekk oppleving der vi fekk sett mange dyr og ikkje minst kose oss i sola. Glenn var heldig og fekk sjå ein "sølvrygg", så då var han nøgd. At vi fekk den eine hannløva like inn til bilen var og eit høgdepunkt. Det vi ikkje liker å snakka om var den gorillaen som satt like innforbi eit vindu og spiste sin eigen avføring. Det var rett og slett slik at vi måtte brekke oss (i alle fall Tore og eg). Er det normalet at gorillaer gjer slikt, eller var vi uheldige og møte på ein dessillusjonert hann, som hadde mista trua på at han nokon gong kom til å bli "sølvrygg?"

Etter at Glenn var levert på flyet, tok eg og Tore turen til Vejle (som er ein bra stor by). Der koste vi oss i sola, kjøpte "Vejlevaffel" (stor is med Guff). Tilfeldigvis, eller meir heldigvis, så var det eit stort kjøpesenter åpent på søndagen. Dette gjorde at Tore kunne komme heim til kona med ei fin gåve.

Eg var tilbake i Sønderborg kl. 1900, med ein litt dårleg samvittighet for å ha okkupert 1 av 3 bilar så og seie heile helga.

søndag 1. juni 2008

Litt å fortelle

Nå er det lenge sidan eg har hatt roen på meg til å skrive. Skal prøve å oppsummere litt nå.

Etter prøveeksamenane var det ei traurig tid på huset. Vi var så veldig ferdige med eksamens lesing, allerede til prøveeksamen, slik at tida fra prøveeksamen og til eksamen (som var på torsdag og fredag) vart veldig lang. Vi kunne jo lest, seier du sikkert, men fakta er at alle var så veldig, veldig leie av å lese, og vi visste at vi kunne stoffet, og vi opplevde at om vi satte oss ned med bøkene, så dukka det ikkje opp noko ny kunnskap. Slik opplevde vi det, rett og slett fordi vi hadde stått hardt på gjennom alle 5 vekene. Så i tida fram mot eksamen vart det mykje tid til å kjede seg, gå tur, og lese litt i bøkene.

Eksamenane gjekk fint, men det vart mykje venting. Det var to eksamenar kvar dag, med ein times mellomrom mellom dei. Alle vart i tillegg ferdig før tida, slik at det vart enda lenger å vente til neste eksamen. Når eksamenane var unnagjort, så måtte vi vente på retting og karaktersetting.

Eg vil faktisk seie at vi brukte tida fra 22. mai til 30. mai til å vente på enten prøvane eller på karakterane. Bare fordi at skulen ønsker at vi skal ha prøveeksamen før eksamen. For dei av oss som ønsker å være kortast mogleg tid vekke frå våre kjære heime, vart ventinga ei stor belastning. Eg tenkte mykje på at om vi hadde sluppet å ha prøveeksamen, så hadde opphaldet blitt ei veke kortare for kvar eksamensperiode. Opphaldet her kunne altså ha vore 3 månader i staden for 4.

For min del gjekk eksamen bra, og det gjorde det for dei fleste. Det var 3 som strauk på Equipment. Dei skal ta prøven om att på torsdag.