søndag 24. august 2008

Haust?

Eg har jo tidlegare skrytt veldig av det gode være vi har hatt her nede sidan vi kom. Ein så fin vår og ein så fin sommar som det eg har opplevd i år, har eg aldri opplevd før. Det har jo av og til vore litt grått og det har regna, men ikkje på same nitriste måten som på vestlandet. Dei skyene som vi har hatt mest her har vore Cumulusskyer (blomkålskyer). Høge, kvite og med masse blå himmel i mellom. Vi har omtrent ikkje hatt varmfrontskyer (Nimbostratus) med continues eller intermittent rain. Kun enkelte byger.

Men nå har det skjedd noko. Nå er det vedvarande regn veldig ofte. Himmeln er jevt og fullstendig dekka av skyer. Og temperaturen har sunket til under 17 grader. Og ser eg på buskar, blomar og trær (det gjorde eg nemleg i dag når eg gjekk til kyrkja), så er dei slakke og blasse. Ja nokon har til og med blitt gule i bladene. Så sjølv om vi nesten har gått gjennom oppholdet her utan årstider, for det har jo vore sommar her omtrent sidan vi kom, så er vi nå altså komt inn i efteråret (haust på dansk). Lufta blir klarare, kornet er hausta og temperaturen har blitt slik at det ikkje er så naturleg for meg å gå i kortbukse lenger.

I morgon begynner vi med simulatortreninga, og det gir oss nye logistikkutfordringar (bilkjøring). Vi har kvar dag 6 personar som skal møte opp kl. 0800 for å ha meteorologisk obsrvasjon, så har vi 3 stykker som skal møte før 0800 i simulatoren, så har vi 3 stykker som skal møte kl. 1245. Kl. 1245 er det 4 som kan dra heim, men ein av dei må komme tilbake kl. 1415. Så med 3 bilar skal dette i teorien gå bra, men at det nok kan bli lutt surr skulle ikkje forundre meg. F.eks. skal ein ikkje bli overraska om eg tek med meg nøkkel til bil 3, medan eg sjølv sit i bil 1 eller 2. Og da vil jo ikkje dei som skal bruke bil 3 kunne bruke den........
Vi skal ha møte om dette om 15 minutt, så får vi håpe alt går bra.

I morgon kjem faktsik AVINOR på besøk til oss igjen. Då reknar vi med at vi får vite kor vi skal ha praksis. Skal bli godt å få det avklara.

fredag 22. august 2008

FERDIG:-)

Det er heilt utruleg. Den 22. august 2008 har eg lengta etter veldig, veldig lenge. I dag var siste teorieksamen. Nå er vi ferdig med
- modul I (Aircraft (30 timer/40 spørsmål til eksamen), Equipment (20/36), Navigasjon (25/80) og Human factors (20/60)).
- modul II (Meteorologi (30/60), Aviation Law (40/80), Radio Operator License (60/48 +to-way com. test og reseptiontest).
- AFI modul (alle faga i ein eksamen)

Det er verkeleg godt å nå eit slikt mål. Den 22. august har vore eit mål omtrent sidan vi kom hit. Og eg har holdt ut:-)

Kva har vi igjen? Vi går nå inn i resten oppholdet. Fram til 26 september skal vi annan kvar dag ha Simulatortrening og Meteorologisk observasjon/SYNOPS. Dagane skal begynne kl. 0800 og være slutt kl. 1540 når vi har met, og 1830 når vi har simulatortrening. Så det kommer til å bli lange dager, men og sikkert rolege. At dagane er rolege synest eg er litt skummelt. For tida går så seint. Kanskje vi får håpe at det er vanskeleg det vi skal lære nå, slik at eg må jobbe masse på ettermiddag og kveld? Eg ønsker vel egentlig ikkje det, heller.

Eit lyspunkt er jo at eg skal heim neste helg. Det blir fint.

I kveld skal det være byfest her i Sønderborg. Det er visst venta 6-7 000 mennesker her. Eg reknar med å ta ein tur for å kikke. Ein del av gjengen har tenkt å gå ut å feire slik bare nordmenn kan. Eg hopper nok over det. Men eg satser nok på å sjå på når Magne og John Andreas skal løpe kl. 2315 i kveld. Dei skal delta på eit løp i byen på 5,8 km.

Ellers så tenker eg jo litt på at nå her haustsemesteret i gong i Florø. Jorunn har begynt på jobb og ungane har begynt på skule/barnehage. Og så er det jo sikkert oppstart av både Ten Sing og Innebandy snart. Er litt rart å ikkje være med på det, men er glad for at andre tar ansvar.

tirsdag 19. august 2008

Nå er det ikkje gøy lenger:-(

I morgen skal vi ha vår 15 "livsviktige prøve" sidan vi kom hit. Og eg kjenner at det ikkje er gøy lenger å halde på slik. Det er skikkeleg vanskeleg å motivere seg for å lese, og eg tenker at det får bare gå som det går. Eg innrømmer at det er ein ekkel følelse å ha. Det å ikkje klare å lese til ein eksamen som eg evt. må ta om at om eg stryker. Men sånn er det altså.

Det er egentlig mange ting som går oss på nervene for tida. Tenk at det var 2 av spørsmåla på eksamen som ikkje hadde nokon rette svar! Tenk at det på samme eksamen var 4 eller 5 spørsmål der fasiten var feil, slik at alt måtte gjennomgåast om igjen! Tenk at enkelte av lærarane ikkje er sikre på kva svar som er rett når det gjeld enkelte av øvingsoppgåvene vi får. Det må jo høyrast rart ut, men oppå mange ting, så vert dette heilt pyton. Vi irriterer oss og over dei ca 100 16-17-18 åringane som bur her på bruket og som bråker om nettene og kaster mat på kvarandre når dei et. Hans Martin meinte han kom til å reise herfra som ein bitter gammel mann, og det kan nok fort skje med fleire av oss.

Eg her nok ikkje heilt på topp psykisk for tida. Det er mykje stress, hjemlengsel osv. Så akkurat nå orkar eg ikkje å se voldelige filmar. Eg vil bare ha "feel good" filmar, som får meg til å smile og bli glad.... Teit, men veit at slik er det for fleire her.

Akkurat nå står tyske unge menn ikkje høgt på lista her. Vi vokner fleire gonger om nettene (spesielt ille natt til fredag og natt til mandag) av bråk ute. Dei gjer egentlig ikkje hærverk, dei bare er ungdom som snakker, roper, sparker på blikkboksar m.m. rett utanfor vinduet mitt. Nått gudd.

I morgon er det altså innstillingsprøve i AFI. Det er 40 spørsmål på 60 minutt med oppgåver frå alle fag vi har hatt til nå.

I morgon skal eg og ta turen til NOVASOL kontoret i Sønderborg. Dei meinte vi ikkje hadde vaska godt nok etter oss. Eg reknar med dei får sjokk når eg møter opp på kontoret og klager i staden for å ringe dei. Eg skal ikkje gje meg før dei gjer seg. Skal bli morro og sjå i morgon.

Ellers ringte Terje fra Flytårnet i Florø til meg i dag. Han sa at dei nå offisielt hadda takka ja til 2 aspirantar. Eg fortalte han jo at det var kun 2 som ville til Florø, og så sa fekk eg nå fortalt han litt om John Andreas.

Det vart ikkje trening i dag, men avslutta dagen med nokre armhevingar for skams skuld. Patetisk.

mandag 18. august 2008

Ferdig med modul 2

Så er vi endeleg heilt ferdig med modul 2. Det tok si tid å bli heilt ferdig, da den siste eksamen vart utsett ca ei veke. Men nå er altså Aviation Law også fullført. Eg veit eg har stått, men har ikkje fått karakter enda. Det var visst så mykje gale med fasiten, at dei måtte sjå over ein gong til. Det var faktisk slik at på fleire oppgåver hadde alle gjort den samme "feilen", det indikerer nok at det heller er fasiten som er feil.

Ellers var det ekstremt vanskeleg å konsentrere seg på eksamen i går. Var det fordi det var søndag kl. 1200 eller kan det ha vore andre ting? Eg har hatt mykje å tenke på i helga, og bekymre meg for, så det gjekk i alle fall utover nattesøvnen. Og kanskje og utover konsentrasjonen på eksamen.

Den samme sedvanlige tomheten kom over oss etter denne eksamen og. I alle fall over meg. Så etter eksamen i går såg ein film "Never back down" og trente ei økt heilt aleine på treningsrommet. Etter det følte eg at kanskje kunne begynne å tilnærme meg eit sosialt liv igjen.

Humøret er nok litt betre i dag, men bekymringane er der fortsatt.

I dag er det første skuledag i Florø, og Jorunn er er ferdig med sin ferie. Det blir nok eit stort temposkifte i heimen nå. Skulle gjerne ha vore der og hjelpt til.

fredag 15. august 2008

Gratulerer med dagen, Mari:-)

Gratulerer med dagen, kjære Mari. Du er ei super jente, og eg håper du får ein fin overnattingsbursdag.

Tenk på det. 10 år er og ho 10 år er det sidan eg vart far for andre gong. Du store tid. Nå er ho blitt ei stor og flott jente, som eg er veldig glad i, og som det er lett for veldig mange og å være glad i. Ho er snill og omtenksom, ho er morsom og glad, ho er veldig glad i og flink med lillesøstra si og med dei yngre søskebarna sine.

Vel kan ho være flau over faren sin og vel kan ho bli sint på broren sin, men det er bare av og til.

Det er ikkje heilt ideelt for meg å være her, når ho har bursdag. Men heldigvis har ho (eller kanskje alle mest Jorunn) besøk av og hjelp frå alle 3 besteforeldrene denne helga. Det gleder meg veldig.

onsdag 13. august 2008

Tenk å ha fått vore i Praha

I går satt eg og såg på bilder fra Praha som Kristian har lagt ut på Facebook. Må ha vore over 300 bilder. Det er så lett å sjå at dei må ha hatt det kjekt der. Og eg får skikkeleg vondt i magen av å tenke på at eg ikkje fekk det med meg. Skulle så veldig gjerne ha vore med Florø TS og KrinsKrams i Praha. Og så blir eg veldig ambvivalent (heter det det?) over at eg ikkje får med meg TS i haust. Eg har jo liksom sagt at eg, pga studiene, skal ha pause dette skuleåret. Får sjå om eg klarer å halde meg vekke.

Det er egentlig veldig rart å ha den følelsen som eg sit med nå. Eg har vore med i TS og ungdomsarbeid i mange år, og eg har sanneleg og vore sliten og lei. Men når eg ser tilbake og tenker på alt det utruleg som har skjedd med ungdomar, vaksne, arrangementer osv i den samanhengen som TS og KM er, så må eg berre smile over heile meg.

Vi er jo ganske ulike vi som er på kullet her. Og alle veit jo at eg er KM-ar og at eg har vore aktiv i TS (Dei brukar vissst kallenamnet Ten Sing på meg når eg ikkje er til stades;-)). Vi er jo vant med fordommar mot TS og KM, og det møter eg på her og. I ein alder av 37 så betyr det ingen ting, men eg må jo få lov å tenke at mangen fleire enn meg burde få oppleve å være i eit KM miljø eller tilsvarande. TS er ein ting, men eg har jo og vore på Risøya i sommar. Tenk at eg er så heldig å være i eit slik miljø.

Men det er altså utruleg vanskeleg å formidle kva eit slikt miljø er, kva det gjer med ungdom og kva gleder eg som vaksenleiar får i eit slikt miljø. Veldig vanskeleg. For fordommane og vrangforestillinane er så mange og sterke.

Så eg opplever faktisk her og at det ikkje er noko poeng i å prøve å forklare noko som er så vanskeleg å forklare. (Det er ikkje lett å snakke om følelser;-)?).

Eg har sagt det før og eg seier det igjen. Idretten og politiske organisasjonar har kjem langt under KM når det gjeld å skapa "dugande endestaur" og når det gjeld å gje ungdom ballast i livet!

lørdag 9. august 2008

Ferdig med modul II

Så var vi jammen ferdig med modul 2 også. Det er nesten ikkje til å tru;-) Men det er faktisk sant (utan om at vi må ha LAW eksamen om 1,5 veke). Etter det vi har høyrt er vi nå ferdige med ørkenvandringa i studiet. Vi er ferdige med alle dei grunnleggande faga der vi har måtta lære mykje meir enn kva vi kjem til å bruke i den praktiske utøvinga av jobben vår. HIPP HIPP JUHUU.

I går hadde vi eksamen i Meteorologi. Og så skulle jo helga bli en lang og fin feiring av at vi vart ferdige. Men slik vart det ikkje (pga LAW). Men uansett burde vi jo kunne feire ein god del i går, men så skjedde ikkje. Det var bare ein veldig merkeleg stemning her. Nokon var slitne, nokon var deppa og nokon var veldig rastlause. Og sjølv gjekk eg berre og tenkte på korleis eg skal klare å motivere meg til å lese LAW, når eg mykje heller vil fokusere på dei prakiske faga vi nå skal ha framover.

Og så trur eg vi er blitt litt bortskjemte. Eg og fleire med meg var misfornøgde med karakteren vi fekk på meteksamen. Ikkje på sjølve karakteren, men på oss sjølv for at vi ikkje fekk betre karakter. Eg må innrømme at det er skammeleg å tenke slik. Sjølv fekk eg 97% rett (2 feil av 60), og burde jo vere veldig glad!
Etter dette må eg aldri gløyme:
1. feil: Når du ser høgde på Low Lewel kart så er ikkje høgdene i FL, men i feet! Så 065 er ikkje FL 065, men 6500 feet.
2. feil: når du skal rekne ut temparaturen i ei høgde, og du har fått oppgitt temp i ei høgde over og i ei høgde under, så må du alltid rekne ut fra den høgda som er nærmast di høgde! Og ikkje den andre.....

Sidan det ikkje vart feiring og jubelscenar i går, trur eg mange såg mørkt på helga. Helgene her går nemleg veldig seint, om du ikkje har noko å gjere på.

I neste veke skal vi begynne på fag som Air Traffic Management, Unusual/emergency situations. Det skal bli supert. Og så skal vi ha nokre korte økte med faga vi har hatt før. Men denne gongen skal vist vinklinga på faga vere meir praktisk retta mot det vi treng i jobben vår.

Neste eksamen vil vere den 22.08. Då vil det vere både for LAW og for desse 14 dagane med AFI-modulen.

onsdag 6. august 2008

Hans Martin vart far til ei lita jente i natt:-)

I dag vil eg begnne med å gratulere min kollega Hans Martin med jenta hans som vart fødd i Bodø kl. 2330 natt til i dag. Det må være ganske spesielt å være her nede, når ein vert far (sjølv om det er for andre gong). Eg veit at det ikkje var så lett for han, og det krever sin mann å måtte ha det slik. Han var ikkje særleg mentalt til stades i går kveld, når han fekk vite at kona skulle på sjukehuset. I alle fall fekk han ei frisk og fin jente (eg har sett bilde) på 53 cm.

I dag har vi feira han med kake i kaffitida kl. 1930.

Vi er mange her som har heimlengt innimellom, og eg synest veldig synd på meg sjølv når eg må forlate familien for å dra ned hit. Men i forhold til den situasjonen som Hans Martin er i, må ein være så ærleg å kunne seie at min situasjon absolutt er leveleg. (Dette er Jorunn og heilt enig i;-)) Respeckt, Hans Martin!

Nå er vi inni ein litt spanande fase her. Vi må bestemme oss for kor vi ønsker å ha praksisen vår, og i morgon kjem vi til å sende inn våre ønsker. Egentlig er det nok ikkje så spanande. Så og seie alle har sine heilt klare ønsker. Dei fleste vil jo vere så nærme sin familie som mogleg. Vanlegvis får så og seie alle første valget sitt, seier dei.

Mitt ønske er nok ingen overraskelese for nokon. Eg ønsker å få praksisen min i Florø.

Vi reknar med at vi får tildelt praksisplass når vår kontaktperson i AVINOR kjem ned hit rundt den 25. august.

Ellers har vi fått ny LAW-lærar i dag. Det er ikkje heilt ideelt å få ny lærar rett før eksamen, men vi er veldig nøgde med han. Han gjorde eit godt inntrykk i dag, og vi legg vår eksamen i hans hender;-) Lykke til, Henrik.

På fredag er det eksamen i Meteorologi. Det vart litt krash for meg i dag, når eg hadde halve dagen med Law-undervisning, og så skulle eg heim å lese på Met. Eg var sliten i ettermiddag, og la meg nedpå, og vakna rett før middag og var i ordentlig dårleg humør. Så når Tor Arne kom for å hente meg ned til middag, måtte eg takke nei. Etter 15 minutt hadde eg funne meg sjølv igjen, så da kunne eg gå ned utan å være alt for muggen.

Etter middag fekk eg faktisk lest litt Met.

Dåkke skulle forresten prøve å sette dåkke litt inn i meteorologien. Det er veldig fasinerande. Uheldigvis vert vi skjerma for ein del informasjon når vi får værmeldinga på norsk TV. Kor vert det av frontane, for eksempel. Det hadde faktisk vore mykje lettare å forstå kvifor været er som det er, om frontane og hadde fått kome med på skjermen, og kanskje og litt meir isobarar. Og veit dykk at ein egentlig kun kan melde regnbyger om regnet kjem frå CB-skyer? Vi vert ført bak lyset!!! (Dette kan jo bli ein middelmådig konspirsjonsteori?)

tirsdag 5. august 2008

Fin sommer, god start på semesteret

Så er eg igang igjen i Sønderborg. Sommarenferien har vel kanskje vore ein av dei beste eg kan huske. Veldig mykje fint ver, vore i lag med kjekke folk, og hatt mykje tid med familien.
Eg var først 14 dagar heime. Hadde kvalitetstid med familien og ordna enkelte viktige ting i hagen m.m.

Så drog vi på familieleir med Norges KFUK-KFUM til Risøya ved Tvedestrand/Risør. Der var vi ei fantastisk veke med familien Litlere og familien Tobiassen. Akkurat den uka er det vanskeleg å beskrive med ord. Men kanskje nokon får eit inntrykk av det når eg fortel at vi var på ein leir der alle 3 ungane våre hadde det fantastisk, der vi vaksne fekk vere i lag med gode vener og mange gamle kjente, der været var fantastisk, der vi fekk bu i telt utan å bli våte og der vi også fekk godt med tilskot til ånd, sjel og lekam?

Eg følte at eg hadde fått lada batteria godt, og hadde det bra når familieleiren var slutt og familien vart med meg til Sønderborg. I løpet av veka dei var i Sønderborg, var eg nok ganske mykje fråværande, då det var undervisning og 2 innstillingsprøver. Heldigvis var været strålande også denne veka, så både kone og ungar har kost seg på stranda. Veka gjekk ganske godt for meg og, då eg besto innstillingsprøvane i Meteorologi og Generell radiokommunikasjon.
I helga tok vi turen til Legoland og Løveparken. Dette vart ei veldig kjekk helg for oss alle.

Nå er Jorunn og ungane tilbake i Florø. Godt at kjøreturen gjekk bra for dei.

I dag har vore ein veldig spanande dag. Vi har hatt eksamen i Generell radiokommunikasjon. Det begynte med ein veldig vanskeleg reseptiontest der vi skulle skrive ned 10 radiomeldinger fra det virkelige liv. Dette var vanskeleg, og eg trur nok at mange av dei AFIS-fullmektige i Norge ville ha slitt med å skrive ned alt, om dei fekk høyre opptaket nå. Heldigvis kom alle gjennom dette. Mange var faktisk overbevist om at dei hadde strøket, og ein var faktisk så sikker, at det kom gledestårer når han besto.

Så hadde vi teoritest. Etter teoritesten var det test i 2-veiskommunikasjon. Da er vi flygere og læraren er flygeleder. Dette gjekk også greit for alle. Den siste testen var intervju på engelsk. Vi måtte snakke om nokre bilder og eit lydbandopptak vi fekk høre.

Til slutt satt eg igjen med 87% rett på reseptiontesten, 96% rett på teoriprøven og 6 av 6 på 2-veis og 6 av 6 på intervjuet. Dette er eg svært fornøgd med. Spesielt 6arane var viktige. Det betyr nemleg at eg er så god i engelsk at eg aldre treng å bli testa på det igjen i aviationsamanheng.