Sidan min "smukke" sønn Åsmund ikkje trur på meg når eg fortel LITT av det vi lærte i går, må eg nesten få fortelle litt om kva vi har lært (eller rettere sagt: gått gjennom) i dag:
VOR, DME, TACAN, DVOR, TVOR, NDB, VHF, VLF, UHF, OMEGA, LORAN-C, OMEGA, ILS, MLS, CAT I, CAT II, CAT III, PSR, SSR, MSSR, FDPS, RDPS, SDD, IDD mm. Og da har eg skrive det vi har vor innom fram til s. 33. Men i løpet av heile dagen gjorde vi oss ferdige med s. 103. Så vi har nok gått gjennom litt meir enn det eg har informert dykk om.
I dette faget, som heiter Equipment, skal vi så gå gjennom alt dette skikkeleg, og grave oss godt ned i stoffet. Jada.......
Maten her må eg kanskje få lov å skrive litt om. Eg trur eg kjem feit, men sunn tilbake til Norge. Vi får nemleg svært god mat her, og det er ufattelig mye sunn mat å velge i. Og så har eg fått eit tips frå ein fin plakat i kantina: legg først salat m.m på fatet, så poteter/ris e.l. og så til slutt kjøtt og anna "usunt". Da får man så pass lite plass til det "usunne" at det blir litt mindre av det. Dette har eg bestemt meg for å praktisere.
Middagen i dag var altså først en liten runde i den "grønne" avdelinga, der eg enkelte plukka med meg salat av ulikt slag, litt champingjong, litt solsikkefrø, litt rosiner, litt agurk og litt tomat. Så tusla eg roleg bort til den hjemmelaga potetstappa, før eg så auste opp litt sosekjøtt. (Eg bør kanskje ikkje skrive at eg gjentok dette to gonger i dag?).
Frokostrundstykkene til frokost er ferske og svært lekre, men det skriver eg om ein annan gang.
Nå skal eg altså sette meg ned å repetere det vi gjekk gjennom i Equipment i dag. Så skal eg repetere det eg ikkje fekk repetert i går. Og så skal ein del av oss samlast nede for å gå gjennom oppgåvene vi fekk i går. allerede nå har vi egentlig skjønt at det kan bli lite "uteliv" her i byen.
Forresten så vart Richard klassekontakten vår.
