fredag 25. april 2008

Gult er kult


Eg skjønte fort at eg burde hatt med meg to par tøfler til Danmark.

Vi bur i ein svær bygning med sikker 70-80 rom, i 3 etasje. Det vert mykje gåing til alt mogleg, f.eks. matsalen. Her trengs det tøfler.

På skulen sit vi fra kl. 0900-1515, og eg klarer bare ikkje å sitte slik i varme sko. Eg må ha luft.

Den andre dagen her gjekk eg difor til anskaffelse av nye tøfler. Ein tilfeldighet gjorde at det vart Gloks (?) Cloks (?). Men fargen var ingen tilfeldighet. Det bare vart slik pga. at det var dei einaste som var passelege til meg;-)
Tøflene er gode å gå i og eg har fått mykje "cred" for fargen. Nokon på kullet, dei som sitter skrått bak meg, har signalisert at skoa til tider trekker litt mykje merksemd vekk fra undervisninga. Dei opplever det slik at bare eg leer litt på føttene, så trekkes blikket deira mot det gule som beveger seg.
Men etter at vi, i Human performance, lærte at mennesket kan tilpasse seg veldig fort, har dei blitt vande med det.
Skoa skal følge meg opp i eit eller anna AFIS tårn. Eller kanskje dei vert ofra på ein rituell måte om eg kjem meg gjennom alt dette med tøflene godt planta på jorda.