Vi har jo ikkje mange faga i Modul 1, som vi nå er i. Det er navigasjon, Human factors, Equipment og Aircraft. 4 fag er ikkje mykje, og 4 ulike forelesarar å forholde seg til er heller ikkje mykje. Uansett så har vi, som alle andre, begynt å diskutere kvaliteten på forelesarane og forelesingane. I begynnelsen var vi nok ganske enige, men nå er vi ikkje det lenger. I alle fall er ikkje eg enige med alle dei andre;-)
Vi har ein foreleser som er ekstremt faglig sterk og veldig glad i faget sitt. Problemet er at han ikkje er så flink å lære i frå seg. I tillegg så har han nok ein litt underleg framtoning til tider, og var dårleg budd (eller usikker?) på første undervisningsdag. Han har og valgt å undervise på dansk, noko som gjer det unødvendig vanskeleg, syns vi. Mitt bilde av han er prega av at han fekk ein dårleg start, og at han snakker dansk til oss. Likevel har eg begynt å like han som lærar, fordi han tok seg godt inn på dag 2. Han hadde med effektar til oss, som gjorde at vi kunne erfare noko av det han hadde lært oss.
Ein foreleser underviser i eit fag som han meiner vi alle har masse erfaringar i. Han gjentek og gjentek at ingen ting av dette er nytt for oss, fordi vi har opplevd det sjølv. Han karakteriseres av at han har mange gode og relevante historier fra luftfarten. Mitt bilde av han er at han nok er god i faget sitt, men han virker og ganske uforberedt (føler eg har gjennomskua han litt). Han relaterer mykje av stoffet til piloter (som han og underviser i dette faget), dette gjer at eg mistenker han for å spille gamle plater om igjen. Historiane har og ein tendens til å gjenta seg litt, og ikkje minst poenga. I dette faget har vi 60 spørsmål på eksamen, på 1,5 timar. Til nå har han ikkje klart/prøvd å få oss til å forstå kva som er viktig i faget, og kva vi må bite oss merke i/kva som er relevant. Då hjelper det ikkje med mange gode historier fra luftfarten.
Den tredje læraren er heilt nerd på faget(seier han sjølv), sjølv om det er eit anna yrke han har. Han er og veldig kunnskapsrik, og er ein god pedagog på mange områder. Mitt bilde av han er prega av at han har godt humør og god humor, men han loader etter mi meining alt for mykje på oss i timane. Han har ein filosofi om at han skal lære oss meir enn det som er naudsynt. Dette er på mange måtar ein god tanke, men blir og frustrerande fordi vi ikkje får vite før etter eksempla og undervisninga, kva vi "ikkje treng å huske" til eksamen.
Den siste læraren har vi ikkje hatt så mykje enda, kun ein dag. Han er ein hyggeleg kar, men la opp undervisninga på ein lite pedagogisk måte. Mitt bilde av han er farga av at han omtrent ikkje kom med noko anna til oss enn det powerpointen viste på veggen. Og det er henta rett ut frå boka! I tillegg så ville han ikkje forklare oss noko vi spurte om, fordi han ville gjere det seinare.
Det blir spanande å sjå om dei utviklar seg eller forandrar seg med tida. Og ikkje minst om mi oppfatning av dei endrar seg. Og ikkje minst blir det spanande om vi sit igjen med ei føling av at dei gjorde det rette for å førebu oss til eksamen.
