

I dag var ein skikkeleg dagen derpå for gjengen. Vi var ute i går, og det blei seint. Det er for så vidt ikkje så galt å være seint ute, men det var bare måten det vart gjort på. Eg og 2 andre skulle gå heim i lag. Normalt er det bare 10 minutt å gå. Men når klokka er 2 på natta, så fungerte tydeligvis ikkje vitale organ (?) i kroppen vår. Vi gjekk oss ikkje akkurat vill, men vi gjekk feil. V gjekk 5 km (har målt med bil i dag) for å komme oss heim, i staden for å bruke dei 10 minutta vi normalt bruker. Du skulle hørt oss når vi kom til McDonalds, og skjøna kor vi var. Då var vi lite stolte av oss sjølv.
Vi var heime kl. 0250, altså til og med seinare enn ein del av dei som gjekk heim seinare enn oss. Men 30 minutt før dei som kom sist heim.
Utelivet i Sønderborg var rolig og koselig. Vi var på Zanzibar (!) og hørte på mykje 80-talsmusikk.
Det er altså dagen derpå i dag, og stilt blandt studentane. Nokre av oss er nettopp komt heim fra stranda sør på Als. Det er ei veldig-veldig fin strand, men nydelig sand. Vi vassa litt og vi slappa av i sanden. Ordentlig rekreasjon!
