Så er eg igang igjen i Sønderborg. Sommarenferien har vel kanskje vore ein av dei beste eg kan huske. Veldig mykje fint ver, vore i lag med kjekke folk, og hatt mykje tid med familien.
Eg var først 14 dagar heime. Hadde kvalitetstid med familien og ordna enkelte viktige ting i hagen m.m.
Så drog vi på familieleir med Norges KFUK-KFUM til Risøya ved Tvedestrand/Risør. Der var vi ei fantastisk veke med familien Litlere og familien Tobiassen. Akkurat den uka er det vanskeleg å beskrive med ord. Men kanskje nokon får eit inntrykk av det når eg fortel at vi var på ein leir der alle 3 ungane våre hadde det fantastisk, der vi vaksne fekk vere i lag med gode vener og mange gamle kjente, der været var fantastisk, der vi fekk bu i telt utan å bli våte og der vi også fekk godt med tilskot til ånd, sjel og lekam?
Eg følte at eg hadde fått lada batteria godt, og hadde det bra når familieleiren var slutt og familien vart med meg til Sønderborg. I løpet av veka dei var i Sønderborg, var eg nok ganske mykje fråværande, då det var undervisning og 2 innstillingsprøver. Heldigvis var været strålande også denne veka, så både kone og ungar har kost seg på stranda. Veka gjekk ganske godt for meg og, då eg besto innstillingsprøvane i Meteorologi og Generell radiokommunikasjon.
I helga tok vi turen til Legoland og Løveparken. Dette vart ei veldig kjekk helg for oss alle.
Nå er Jorunn og ungane tilbake i Florø. Godt at kjøreturen gjekk bra for dei.
I dag har vore ein veldig spanande dag. Vi har hatt eksamen i Generell radiokommunikasjon. Det begynte med ein veldig vanskeleg reseptiontest der vi skulle skrive ned 10 radiomeldinger fra det virkelige liv. Dette var vanskeleg, og eg trur nok at mange av dei AFIS-fullmektige i Norge ville ha slitt med å skrive ned alt, om dei fekk høyre opptaket nå. Heldigvis kom alle gjennom dette. Mange var faktisk overbevist om at dei hadde strøket, og ein var faktisk så sikker, at det kom gledestårer når han besto.
Så hadde vi teoritest. Etter teoritesten var det test i 2-veiskommunikasjon. Da er vi flygere og læraren er flygeleder. Dette gjekk også greit for alle. Den siste testen var intervju på engelsk. Vi måtte snakke om nokre bilder og eit lydbandopptak vi fekk høre.
Til slutt satt eg igjen med 87% rett på reseptiontesten, 96% rett på teoriprøven og 6 av 6 på 2-veis og 6 av 6 på intervjuet. Dette er eg svært fornøgd med. Spesielt 6arane var viktige. Det betyr nemleg at eg er så god i engelsk at eg aldre treng å bli testa på det igjen i aviationsamanheng.
