Så er AFIS utdanninga fullført, og det gjenstår bare 3 månader On Job Training i Florø (og kurset i Bergen). I dag hadde vi dei to siste eksamenane og vi hadde Dimmisjonsfest med utdeling av vitnemål. Det var ein avmålt gjeng som fekk vitnemålet i dag. Det var nok ein del følelsar i sving, for oss alle, men det var ikkje så lett å få dei fram. Så utdelinga vart ein roleg og avbalansert sesanse. For min egen del er det som om det ikkje har gått opp for meg enda at alt dette er over.
Det var utruleg fint å få vitnemålet, skulebevist og radiosertifikatet. Eg er stolt over det eg har fått til her nede!
Bjørn Magnar spurte i går om vi ikkje kom til å savne dette. Eg må innrømmet at eg svarte nei. Eg har nok sagt for meg sjølv at eg ikkje kjem til å savne noko eller nokon, men at eg kjem til å tenke veldig på korleis det går med dei andre, korleis dei har det osv. Men ikkje savne. Til det har denne perioden vore for mykje "ikkje mitt liv".
Eg har omtrent sidan eg begynte her i Danmark prøvd å finne ut kva følelsar eg har hatt for dette opphaldet. Det har ikkje vore lett å forklare når folk har spurt, men eg føler nå at medan eg har vore her nede, så har det virkelige livet mitt vore sett på "vent". Eg valgte sjølv å sette det på vent. Eg valgte sjølv å hoppa ut av mitt virkelige liv den 19. april 2008, var innom det i sommerferien, og skal snart tilbake til det. Det vart min måte å innvestere passeleg emosjonelt i denne perioden. Det måtte bli slik for ikkje å gå på akkord med meg sjølv og dei heime. Dette er det nærmaste eg kjem ei god beskriving.
Og så kan eg seie med handa på hjarte, at det livet som eg då hadde fom den 19. april og til i morgon, det var bra det og. Det var kjekke medstudentar som var morsomme, så snille, så flinke. Medstudentar som såg om ein hadde ein dårleg dag, som tok kontakt og lufta meg om eg trengte det. Det var medstudentar som gjorde meg blid bare ved å være i samme rom som meg. Det var medstudentar som av og til kunne få meg veldig frustret, men aldri lenge om gangen. For like plutseleg fekk dei meg til å stråle innvendig. Vi har gjort mykje i lag, og eg har fått lov å ikkje vere med på ting, når det har passa meg best slik.
Det er heilt utruleg at i eit miljø der vi og konkurrerer innbyrdes, så har det ikkje vore noko stor klikkdanning, utfrysing eller mobbing. Det har sjølvsagt blitt spøka med mykje og med mange, men det sammhaldet som har vore i gruppa vil eg seie er unikt. Vi har støtta kvarandre og hjulpe kvarandre så godt som bare det. Ingen i gruppa har nokon gong "trakka meg ned."
Faga har vore veldig interressante. Eg har hatt interressante ting å lære kvar dag, meiner eg å huske. Sjølv om nokre dagar gjekk saktare enn andre, har det vore ei fin oppleving å studere fag som virkeleg har interessert meg.
Og så har vi hatt utruleg flinke og kjekke folk på skulen. Skuleleiinga har gjort kva dei kunne for oss og meire til, og dei fleste instruktørane har vore veldig, veldig dyktige. Og alle av dei har virkelig gjort kva dei kunne for at vi skulle lære.
Så eg er og takknemleg for denne perioden, for det har vore mykje bra, og eg har lært mykje om meg sjølv.
Men altså: livet mitt har vore ein annan plass. Vennene mine har vore ein annan plass. Familien min har vore ein annan plass. Eg gler meg til å ta del i Jorunn og ungane sitt liv igjen. Og eg får klare signaler om at dei gler seg dei og. I går kl. 1913) fekk eg denne meldinga av Jorunn: "Du har mykje å sjå fram til når foreldrelivet startar igjen. Sidan middag har eg handla knebeskyttar og fotballsko, vore på bokhandel med Mari, foreldremøte i handballen, (sett) litt fotballkamp og litt handballtrening. No skal eg berre legge Johanne, rydde middagen, vaske draktar til kamp i morgon, hente Mari og gå på trening sjølv før det blir kveld"
Ingen bør være aleinemor til 3 barn for lenge
Eg føler meg veldig heldig! For eg skal heim når vi er ferdig i Bergen. Dei andre skal ha sin praksis på stader som gjer at dei ikkje kan bu heime. Men eg er overbevist om at alle kjem til å takle det å ein god måte.
I kveld går vi ut og spiser middag. I morgon drar vi til Norge. Eg er heldig og skal heim i helga.
