onsdag 10. september 2008

Simulator og SYNOP

Ja nå er det sikkert mange rundt om kring i den store verden som lurer på kvifor eg ikkje har skrive blogg på lenge. Er eg død? Er eg opptatt? Er eg lat? Er eg deprimert og umotivert?


Å ha anna kvar dag med Simulator og annan kvar dag med SYNOP er ingen spøk. Den første veka var eg heilt utstlitt når eg kom heim. For nokon kan det kanskje virke litt rart, sidan eg har blitt vant med å gå på skule. Men det vi helt på med no er noko heilt anna enn tidlegare.


Grovt sett kan vi seie at dagane på skulen har blitt i gjennomsnitt 2 timar lenger. Vi begynner stort sett kl. 0800 og skal være ferdig kl. 1615. Heldigvis har vi fått korta ned på friminutt slik at vi klarer å dra heim ca kl. 1500. Men egentlig er det ikkje så enkelt. Saken er at SIM-dagane og SYNOP dagane er svært ulike.

SIM-dagane består av

- ei økt (1 time) i sjølve tårnsimulatoren, deg eg blir drilla på fraseologi, stripføring, oversikt over fly i lufta og på bakken, kva ein gjer i ulike naudsituasjonar m.m.

- ei økt er eg er Adjacent. Det vil seie at vi sit på ein pc og er både Ålborg app, NOTAM kontor, Lufthamn vakt m.m.

-2-4 økter som fly (alt etter kor lang dagen vår er).

Desse dagane kan vere frå 4-7 økter lange.


SYNOP dagane går frå kl. 0800-1500 med vanleg teoriundervisning. Det er egentlig ikkje berre SYNOP vi skal lære her. Vi skal og lære METAR, SPECI, MET-REPORT OG SPECIAL.

Dette faget, som egentlig heter Meteorologisk observasjon, er faktisk det største faget vi har på utdanninga. Nesten bra at det kom på slutten. Også denne læraren vår er ein av dei beste i Danmark på dette området. Ein pensjoner og svært hyggeleg meteorolog fra København.


Dagane i Simulatoren er faktisk ganske krevande. Når eg sit i simmen så må eg jo helst gjere det betre enn sist gong, og eg bør jo halde den standarden dei forventar av meg. Det fører til at eg tenker mykje på både fraseologi og stripføring dag og natt. Natt til mandag, som var sist eg hadde sim, vakna eg tre gonger på natta av at eg vart kalla opp av fly på radioen. Det kom til og med 4 F16 som ville gjennomfly sona mi!!!! Dei flyr ganske fort så dei må få rask trafikkinformasjon. Så det var ei hektisk natt. Heldigvis klarte eg alle tre gongen å tenke at "det skal vel ikkje vere nødvendig å kalle meg opp når eg søv", så eg valgte å ikkje svare på "anropet". Men den siste gongen sat eg faktisk på sengekanten og vurderte seriøst å svare på oppkallet. Å halde på på denne måten gir dårleg søvnkvalitet. Må slutte med det.


Ellers så har gjengen her begynt å planlegge avslutninga her. Det har blitt brukt store ord og store armbevegelsar når dei ser for seg korleis siste natta her skal bli. Dei pleier å vise igjen i bybildet når dei er på byen, så også sikkert denne gongen. Sist var det dansing på alt som kunne likne på bord;)


Det går ikkje ann å beskrive med ord korleis eg gleder meg til å bli ferdig her i Danmark. Så difor vil eg teikne litt:






























TULLA!!!







Det skal bli så ufattelig godt. Men eg forstår og Jorunn veldig godt når ho seier at det at eg skal til Bergen ikkje vil utgjøre nokon forskjell for henne. Så lenge eg ikkje er i Florø, så vert det jo likegyldig for henne kor eg er.

3x3 hurra for ei fantastisk kone som virkelig har stått på for at eg skal få ta denne utdanninga.