tirsdag 15. april 2008

Før avreise

I dag er det 4 dagar igjen til eg dreg til Oslo for å treffe dei andre eg skal studere med.
For tida oppfører eg meg som ei gravid førstegangsfødande. Eg føler at eg "bygger reir." Eg går heile tida og tenker på kva som må ordnast, før eg drar.

Eg har vaska bil, eg har ordna til enkle fortøyningar på båten (slik at alle kan bruke den utan problem), eg pakker litt, eg styrer mykje med Florø Ten Sing som skal ha konsert etter at eg har dratt, eg ordne med pass og andre papirer, eg har panta flasker. Og i går monterte eg og Jorunn trampoline i hagen til kl. 2315. Ein får mykje energi når ein føler ein må gjere alt klart til noko viktig.