I går inviterte mine kolleger meg ut på middag etter jobb. Dei meinte vi måtte gjere det før eg slutta. Vi hadde nåken koselege timar på Hjørnevikhagen.
I avskjedgåve fekk eg ein orkidè, eit lite leikefly eg kunne ha med meg til Danmark og veldig gode ord. Hadde du hørt den talen til meg, så hadde du blitt både stolt og glad på mine vegne;-)
Den gjengen eg har jobba med på Origod har vore heilt fantastiske. Det som var nytt og best for meg var at miljøet er basert på at vi alle skal hjelpe kvarandre og kunne rådføre oss med kvarandre. Og det er heilt tydeleg at når ein spør om hjelp, så er kollegene både interessert i å hjelpe og dei har kunnskapen som trengs.
I min tidlegare jobb som kateket var arbeidsoppgåvene ganske mykje meir einsame, sjølv om eg hadde 3 prestar og 2 organistar å samarbeid med. Opplevinga ved å jobbe i attføringsavdelinga på Origod, er ganske, ganske, annleis.
