søndag 27. april 2008

Innvielse av rådhustrappa

Nå har vi vært her i Sønderborg ei veke, og det skulle bare mangle at ikkje rådhustrappa vart innvia.

Som eg har sagt før, er det ein utruleg flott gjeng eg er i lag med her. Vi har funnet på litt av kvart. I går drog vi en rask harrytur til Tyskland (Flensburg). Det brukte vi et par timer på shoppingsenter, før vi drog heim igjen. Det er jo bare ein halvtime å kjøre kvar veg, så dette kan vi gjere kvar dag om vi vil.

Vi har og prøvd utelivet i ulik grad. Den første kvelden fekk eg min første utekakao og på torsdag inviterte skulen oss på italiensk restaurant. Eg må nok innrømme at eg ikkje har vore blandt dei ivrigaste når det gjeld uteliv, men det har derimot nokon av dei andre vore;-)

Sjølv om vi har vore seriøse og lest store deler av helga, var det nokon som var lenger ute enn dei andre på fredag og i går kveld. På fredag fann dei seg ein koseleg plass med dansemusikk og der gjennomsnittsalderen var 55+. Der trivdes dei godt, tydelegvis.

For dei var på same plassen i går kveld. Dei hadde handla diverse i Tyskland, det er billig med diverse i Danmark, og i tillegg vart dei påspandert diverse på utestaden.

Det endte med at ein av oss sto på trappa ved rådhuset i byen og "ropte på elgen" medan han innvia rådhustrappa med "pjuk". Etter innviinga vart han sendt heim i taxi. Det vil sjølvsagt aldri komme ut kven dette var, då vi sjølvsagt er lojale mot kvarandre, men vil du vite kva parti han stemmer på kan du sende "Bondevik" til 99042413.

Humøret er likevel på topp, og vi held fortsatt fokus på det som er viktig. Nemleg å lese.

Har de forresten spørsmål om radiokommunikasjon og radarteori, så må de bare ta kontakt. Då helst på mail sidan det koster litt for meg å ta i mot telefonar frå dykk;-)

Nå tenkte eg at eg skulle ned på styrkerommet og pumpe litt jern, men dessverre har eg blitt forstyrra pga av PCèn min er så ufattelig treg. Av ein eller annan grunn har han bestemt seg for å bruke alle kreftene sine heile tida. Det betyr at prosessoren jobber 100% sjølv om eg sjølv ikkje rører maskina. Når eg då ønsker å bruke maskina, går det reint i stå for han (det må være en han, sidan han kun klarer ein ting om gonge). Det verste med dette er at eg ikkje får skypa med familien heime.

Har nokon gode råd, utanom å kjøpe ny PC, vert eg glad for det.

Etter middag i kveld er vi ein lite gjeng som set oss ned for å repetere det vi har lært i navigasjon. Det er akkurat nå litt synd at Vår Herre har skapt alt så komplisert.

Forresten er det mange ting som er komplisert. I dag skulle eg på gudstenste i kyrkjar her. Ho ligg kun 3 min gange frå EUC. Eg rekna nå med at alle gudstenester begynner kl. 1100. Det gjorde det ikkje. I dag begynte ho kl. 1000, så eg fekk bare med meg dei 5 siste minuttane.

Eg gjekk og sjekka ein plakat ved kyrkja om når det var gudstenste neste gong. Då viste det seg at det er gudstenester til mange forskjellige tider på søndagane. Av og til kl. 0900! Prøver igjen neste søndag.