mandag 28. april 2008

Anonymiserte komentatikere

Eg har fått meg ein ny hobby. Ikkje det at det trengs her nede. Her har vi meir enn nok med å veksle mellom skrivepulten der bøkene er, senga, matsalen, skulen og rommet der vi sitter og diskuterer. Men den nye hobbyen min har rett og slett tvunget seg fram dei siste dagane.

Eg har begynt å jobbe knallhardt med å finne ut av kven dei anonyme komentatorane er på bloggen min. Eg er jo lykkelig for at nokon gidder å gi livsteikn på bloggen min. (Dåkke skal vite at det gir meg mot og livskraft å vite at nokon leser mine impulsive ord (snufs).)

Dei som er lette å kjenne igjen er når dei kaller meg "bror" (da er det broren min som skriver) eller når nokon skriver namnet sitt under (Eg kjenner i alle fall 3 som heiter Ragnhild (;-)). Og så er det litt lett å finne ut når ein skriver med enkelte skrivefeil, slik at ein skjønner det er ein god venn fra Sveits som har skrive;-) Og så er det veldig søtt når Mari signerer med "din lille Mari."

Ellers så er det litt pirrande å prøve å finne ut kven som skriv som anonym. Stå på, gi kvardagen min litt utfordringar:-O

I dag gjekk dei fleste av oss på ein smell i klasserommet. Vi har ein veldig flink lærar i Navigation. Han er dyktig i faget, og god pedagog. Likevel satt vi som tomme skall på slutten av dagen. Eg sjølv fekk ein veldig klar opplevelse av at hodet ikkje tok i mot meir. Eg følte så veldig tydeleg at vi virkelig var blitt proppa fulle av informasjon.
Dette gjorde at eg var supermotivert når vi kom heim, til å repeter kapitlene. (Eg var vel egentlig livredd for at faget skulle glippe allerede nå). Så satt eg meg ned, og så begynte eg å repetere, og så syntes eg det var kjempeinteressant!!! Tida og sidene bare fløy forbi, og eg var glad:-)

Det var egentlig ganske kjekt å oppdage at noko eg ikkje trudde eg hadde skjønt, faktisk hadde festa seg litt.

Eg må seie at eg er sjeleglad for at eg har tatt privatflygarsertifikatet før dette her. Eg har av den grunn tross alt litt kjennskap til kva det vert snakka om. Men dei på kullet som ikkje er så inne i flyverdene, må jo av og til verkeleg slite? Eg har ikkje fått sjekka ut korleis dei opplever det, men hadde eg vore dei så hadde eg ikkje skamma meg over at eg av og til følte meg litt "LOST".

Eg har vel egentlig ikkje presentert dykk for mine nye kollegaer i AVINOR. Og det gjer eg vel ikkje nå heller. Eg vil berre seie det at det står respekt av den einaste jenta (norske) på kullet. Det skal sterke nerver og nyrer m.m. f0r å tåle alt ho må se og høyre.

Vi sitter jo 4 i kvar Peugeot 206/207 når vi kjører til skulen. Dette er virkelig små bilar. I dag kjørte vi forbi ei ung dame som sykla på vegen. Vi som kjørte bakerst såg bare at Peugeoten forran halla kraftig mot fortauet når dei kjørte forbi henne. Heldigvis for gutta så kom vi inn i ein flow med rødt lys, slik at damen sykla forbi bilen 3 gonger. Til slutt klarte dei ikkje å halde seg, så dei fløyta på henne. Jada.

Eller så har vi diskutert snus i dag. Vi fann ut at halvparten av gjengen snusa. Samt at jenta på kullet hadde drømt om snus i natt:-) Ho har jo vore ut på byen med gutta både fredag og laurdag, og har nok lært litt av korleis primater kan oppføre seg i jungelen. Nå går ho livredd rundt og gruer seg til ho begynner å drømme om jenter også. For med eit slikt fokus som det er her, kan det ikkje være lett å stå imot.

I morgon er det heile dagen med navigasjon. Johoooo