I dag vart det lite gjort, gitt. Uten om det som skjedde på skulen. Vi hadde navigation i dag og. Og for eit kjør. Vi satt som tomme skall i går, i dag hang vi som tomme skall over pulten. Som sagt før; læraren er virkelig flink. Men etter kvart som han har gått gjennom noko spør han: "ok?" Kva skal du svare på det? Det er ikkje lett å svare på eit ja-nei spørsmål, når det einaste lille håpet du har er at du kanskje skal klare å forstå det bare du får tatt med deg bøker og oppgåver heim, slik at du får sett på det i ro og fred. Eg kunne jo svart "kanskje," men då kan du være sikker på at han ville gått gjennom det samme ein gong til, men bare på ein ny måte. Og ville det lille hode mitt tåle det?
Derfor sitter heile klassen med store, blanke auger, og smiler troskyldig til han når han spør: "OK?"
Det vart Paracet på meg i dag. Til Frokost (som er den danske lunch i 1130-tida). Det gjorde underverker. Det satt stramt rundt pannebrasken i dag, og ville ikkje slippe taket. Så då vart kunnstige stimuli svaret. Kunne jo prøvd med kaffi, men når inntaket er så pass høgt som det er nå, skal det ganske store ekstra mengder til for å kunne "ta toppane." Så eg bare strakk handa ned i sekken, og fiksa opp litt "godteri."
Vannet her, som eg må svelge det ned med, er verkeleg ikkje noko å skryte av. Det smaker rett og slett rart. Det er jo kalkinnhaldet som er skulda, trur vi. Eg har valgt å ta det på den positive måten, og tenker at kalk er sikkert bra for ein mann i min alder. Eg drikk jo så alt for lite melk, så då kan eg heller bygge litt skjelett med å drikke vatnet her. Trur eg.
Ikke bare smaker vatnet rart her, men vi må gå og spørre etter vannmugger kvar enda dag, og nesten til kvart måltid. Vi har jo lurt på kvifor det ikkje er automatikk i at det kjem vatn på bordet. Per Christian (ein kollega i AVINOR;-)) hadde tenkt dei samme tankane som meg, og han kom fram til at vatnet mest sannsynleg er så farlig at du ikkje vil finne ein danske i denne byen som vil drikke det. Han meinte han kunne sjå på dei som sat rundt oss, at dei nå var hellig overbevist om at det er oss nordmenn som er dei ekte vikingane. Dei sat vist nok med eit beundrande blikk og såg på oss;-)
Kva skal man tenke når man er på eit intensivkurs, og ikkje har fått lest noko heile dagen? Jo da tenker mann at det kjem ein dag i morgon og. Og det gjer det.
