Så er vi kommet til Sønderborg. Været var nydelig, og det var 15 grader når vi kjørte innover i våre 3 nye Peugoter (206 HDI). Små men gode biler.
Studenthjemmet er et ordentlig hybelhus med vakt, med masse beskjedar på vegggene, stor spisesal og små rom. HELDIGVIS var eg ein av dei heldige som fekk enerom med eige bad/toalett. Nokon av oss må dele bad med 2 andre, men alle har eige rom. Mitt ligg i toppetasjen med takvindu. Når eg får mobilladeren min, og får mobilen til å virke igjen, skal eg ta bilder av rommet. Så kan dåkke sjå sjølv. Men det er eit lite rom...
Vart ikkje gjort så mykje i dag, utanom at mange av oss tok sin første utepils i sola. Eg tok min første utekafekakao. Det er litt rart å sitte i sola, og så veit du at det ikkje er nokon fjell ho skal gå bakom. Kun rett i havet.
Maten her var god. Og det var det vi hadde fått beskjed om og. I spisesalen fekk vi inntrykk av våre medelervar. Det var mange polakker, tyskere og finner her. Det er nok dansker og, men sidan det var søndag, så var nok dei "hima sjå na mor."
Vi får en rolig begynnelse i morgon, men fra tirdag er helheim laus. Det er i alle fall det vi har fått prenta inn i oss i dag og. Det blir knallhard pugging frå dag 2 (sidan dag 1 vel er i morgon).
Har fått internett på rommet nå, så eg kunne Skype med familien heime. Det var veldig koseleg. Problemet med dette i heimen, er at stemma mi høyrest ut som Donald D. Noko er alvorleg gale, der heime. Håper vi klarer å ordne på det.
Hjemlengselen har nesten vore fråværande i dag. Men eg har tenkt litt på dei sterke opplevingane eg hadde siste veke før eg dro. Eg opplevde ungane mine på ein ny måte dei siste dagane. Det var som eg såg meir detaljar av dei. Det var sterke opplevingar, som til tider satte meg ut. Men nå skal eg ta dei med meg som gode minner framover.
