Så var vi i gang. I dag møtte eg resten av mine medstudentar på Gardermoen. Det virker som å vere ein hyggeleg gjeng. Vi er fra forskjellige delar av landet og i absolutt ulik alder. Det vil seie; det er eg som er i ulik alder;-) Når eg skulle presentere meg visste eg ikkje om eg skulle seie kor gammal eg er, eller om eg skulle fortelle kor gamal eg var når dei andre vart fødde. Mange av desse er fra 22-24 år, men det er ein på 29 og ein på 31, i tillegg til meg som er 37.....
Vi har hatt knallhard realitetsorientering i dag. Det har, både av vår kontaktperson og av personalansvarleg, blitt understreka omtrent 78 gonger at dette vert knallhard pugging frå dag 1. Eg var sjeleglad for at eg har tatt flysertifikatet. Hadde eg ikkje hatt det, ville eg ha følt meg ganske lost på mykje av det som vi fekk høyre i dag.
Den største overraskelsen var likevel at vi mest sannsynleg vil få pliktteneste når vi er ferdige. Med tilbakeverkande kraft. Det har eg aldri høyrt om før, og eg fekk skikkeleg lyst til å organisere meg i ei fagforening.
Eg tok tidleg kveld i dag. I morgon drar vi frå hotellet kl. 0820.
