Så var alle prøveeksamenar overstått. Og godt er det.
Aircraften i dag gjekk ganske bra. Eg hadde, feil på 2 av dei 4 spørsmåla som gjekk på flykjenning (ikkje uventa at eg fekk feil på dette). Vi fekk 2 ark med 6 bilder av fly på kvart, og ulike spørsmål i tilknytning til det. Det er ikkje lett å ha 6 bilder med fly, der 3 av dei ser veldig like ut, og så skal du peike ut den som er Piper P34 Sceneca (eller noko slikt). Det er heller ikkje lett å sjå kven av dei som har en TAS (Sann fart gjennom lufta) på 200 knop eller meir.
Og så hadde eg feil på eit spørsmål der eg tenkte litt feil på "decrease" og "increase."
Helga gjekk stort sett med til å lese til denne prøve. Men i går "tok vi av" og gjekk på den nye Indiana Jones-filmen. Det var mykje arktig der, men da det dukka opp UFO osv da blei det vel i meste laget. Men det var godt å være ute og tenke på noko anna enn lesing.
I morgon skal dei 5 som strauk på Navigasjon ta prøven om att. Det blir veldig spennande for dei, og oss. Eg skal og ta prøven, då alle fekk tilbod om å ta den som ei øving. Så då skal eg lese litt på det i kveld.
I går hadde eg aktivert "skype me" funsjonen på Skype. Då er det slik at alle som søker deg opp kan ta kontakt. Det var utruleg koseleg at Martin tok kontakt med meg medan eg satt og studerte på rommet mitt. Han var heime, og vi prata på (ei dessverre dårleg linje) ganske lenge. Skype er bra, og dei som laster det ned skal få snakke med meg (og sjå meg live på pcen sin;-))
Også Wethusewife26 tok kontakt, men ho sperra eg ute, då eg ikkje kjente igjen kroppen på bildet (det var ganske sikkert ingen i slekta eller vennegjengen;-))
I dag vart det trening på trimrommet igjen. Eg må innrømme det er lenge sidan sist, så det er ikkje rett å seie at det har blitt ein tradisjon å trene slik. Men intensjonen er det fortsatt. Eg burde vel heller ha gått ein lang tur, men det har regna skikkeleg i heile dag (for første gang sidan 20 april). Så det blei innetrening.
I helga var det ein del av oss som fekk heimlengsel. Det kan merkast på flokken, når ein viss prosent av oss ikkje har det heilt bra. Ein del er faktisk flinke å fortelle om korleis ein har det. Eg håper alle har nokon å snakke med, om det skulle trengast, men eg er ikkje sikker om det er slik. Eg drog på meg heimlengsel ca kl. 2300 i går. Då tasta eg litt med Jorunn, før eg la meg.
