Så var 3 av 4 prøveeksamener overstått og det har gått bara på alle. Vi har jobba steinhardt med Equipmentfaget dei siste dagane, og så opplever dei fleste at det er veldig enkelt, og mykje enklare enn oppgåver og berekningar vi har gjort tidlegare. Litt rar følelse, å være litt skuffa over dette, men veldig godt å bestå:-)
Allerede i går bestemte eg meg for at eg ikkje skulle lese denne fredagskvelden. Eg er sliten og trur det er lurt å ta ein pause i kveld, slik at eg kan ha krefter til å lese på Aircraft i helga. Alle har vel tenkt som meg i dag, så vi fant ut at vi skal dra til Flensburg og slappe av. Så om ikkje lenge set vi oss i bilane og dreg dit. Eg skal kjøpe T-skjorter. Eg har litt få med meg, og mange av dei eg har med meg har blitt litt trange i tørketrommelen (trur eg).
Ellers blir vel bilane fylt opp av drikkevarer. Kanskje eg skal kjøpe meg eit brett med brusboksar?
Alle helst burde eg kjøpe meg ein svart plastsekk. I det fine takvinduet mitt er det ei veldig lys rullegardin. Den slepper inn mykje lys kl. 0500 om morgonen. Det har ført til at eg våkner da, og ligger urolig fram til 0615. Eg trur det har med lyset å gjere, at eg våkner så tidleg.
Eg kunne egentlig mest tenke meg å dra på stranda nå (med solkrem) og slappe av. Men eg hiver meg med til Flensburg, for å være litt sosial med gjengen. Sol har vi hatt omtrent kvar dag her nede, så sjansen for strandlivv byr seg nok igjen.
Neste helg skal eg i alle fall på stranda. Då er vi ferdige med eksamen, og eg får besøk av mine to gode venner Tore og Glenn. Det skal bli kjekt å treffe dei igjen, og det skal bli godt å slappe av.
Gutta skal bo her på skolehjemmet, så det blir lite boutgifter på dei. Eg har sagt til dei at det blir strandliv, og så har eg tenkt å ta dei med på eit par andre ting også. Det skal være ein kro på andre sida av øya, som skal ha veldig god mat.
Du lurer kanskje på kvifor eg ikkje reiser heim neste helg? Grunnen er at det skjer så mykje den helga (både kona og ungene er visst opptatt) og at dei også får besøk. Så eg og Jorunn fant ut at den helga kommer til å gå veldig greit utan meg. I staden dreg eg heller heim den 13-15 juni.
