Det kjekkaste var likevel at han tok oss med opp i sitt fly for å sjå og kjenne på kreftene. Det var riktig sjov og vi koste oss dei 15-20 minutta flyturen varte. Ikkje minst var det utruleg artig å sjå dei som aldri hadde flydd i småfly før. Dei stråla og smilte frå øyre til øyre. Og mange proklamerte at dei ville ta flysertifikat når dei kom til Norge;-)
Her er min medpassarsjer i baksetet. 




Flyet var eit Piper P28A 161, altså samme sort som det eg flyr i Førde, men litt mindre.
Han ville selle meg flyet for Dkr 200 000,- Eg kunne egentlig tenke meg det, om eg hadde hatt pengane, men såg samtidig at flyet er så pass mykje mindre (f.eks. ang bagasjeplass) enn det eg er vand med, at det nok ikkje dekker mitt egentlige behov (som eg egentlig ikkje har.....).
Her er nokre bilder:



Og Danmark er fortsatt paddeflatt. Men så ser ein jo også mykje
Ellers fekk vi med oss 131 oppgåver vi kunne gjere til neste gong. Det var egentlig veldig bra, slik at vi får øvd oss på eksamensoppgåver. Så i kveld har eg testa meg sjølv. Er ikkje ferdig enda, men har tenkt å fullføre utan bruk av boka første gong. Så får eg oppsøke min venn Tor Arne for å gå gjennom dei med han. Vi lærer mykje av kvarandre.
I morgon er det duka for beachvolleyball kamp kl. 1900. Eg har tenkt å stille, og ta meg skikkeleg ut. Rekner med å imponere ungstutane like mykje der, som eg gjorde på basketbana;)
