torsdag 15. mai 2008

Manglande bilder, men......

Eg må jo berre beklage når linkane eg hadde til ATR maskina som rolla ikkje virker lenger. Dvs. linkane virker, men flyspottaren som tok bilda har av ein eller annan grunn tatt dei ut. Har han blitt kjøpt og betalt?

For å trøste kan eg komme med følgande avsløring:
Det var adm.dir i Cimber Air som fløy maskina og ved sin side hadde han flygesjefen. Og: det var andre gong dei gjorde rollen den dagen!

Grunnen til at eg veit dette? Broren til adm.dir og medeigar i Cimber Air er vår forelesar i Human Performance and limitations:-)

(det var nok litt human error inne i bilde når nokon valgte å rolle flyet heilt rundt;-))