Så nærmer det seg ubønnhørleg tid for prøveeksamen. Det er slik at vi må bestå prøveeksamen for å få lov til å gå opp til eksamen. Eksamen er 29 og 30 mai. På mandag er det prøveeksamen i det skumlaste faget. Navigasjon er det faget der vi på en måte har den beste læraren, men som vi på en måte gruer oss mest til å ha eksamen i (dei fleste av oss).
Grunnen er nok at vi trur det er vanskelegare enn det er. Filosofien til læraren har nemleg vore å gi oss meir enn vi treng, for at vi skal kunne forstå betre det vi treng å forstå. Difor har vi holdt på med å løyse oppgåver som vi ikkje får på eksamen, og som det heller ikkje står noko om i boka! Eg har vore litt skeptisk til filosofien, men det kan godt være at den får meg til å bestå..... (sjølv om det skal bli vanskeleg å bevise om det var filosofien til læraren som var grunnen til at besto).
I alle fall gjekk alvoret kraftig opp for oss i dag. Folk skippa treningsøkter fordi dei måtte lese;-) Fra kl. 2000 til 2200 satt heile klassen i lag og hjalp kvarandre med oppgåver. Koseleg og ikkje minst svært nyttig.
Eg bestemte meg og for så skippe treningsøkta i dag. For eg måtte sove middag. Eg la med nedpå kl. 1730 og sov til 1815! Det gjorde utruleg godt. Så nå er eg supervåken, sjølv om eg egentlig burde lalle;-)
Ellers har jo eg fått det store ansvaret for bensinkortet vårt. Vi fylte opp bilane før helga, men kortet virka ikkje. Så eg måtte legge ut 1200 danske kroner. Ganske kjedeleg, i grunnen. Eg skulle så faxe kopi av kvitteringen til AVINOR for å få pengane igjen. Det har dessverre vist seg å være umogleg å finne ein fax her som vil sende noko til min arbeidsgjevar. Så i dag måtte orginalen sendast på gamlemåten. Og då tek det desto lengre tid før eg får pengane tilbake på kontoen. Håper AVINOR klarer å rekne om fra danske til norske penger.....
I morgon er det Aircraft igjen. Det gleder eg meg nesten til. På ettermiddagen skal vi ut å fly i småfly med Aircraft læraren. Han flyr omtrent samme fly som meg. Vi skal opp i luften for å kjenne på korleis eit fly virker, og korleis ulike krefter virker på flyet. Eg veit litt om det, så eg skal bruke tida til å lære meg korleis ein flyr og prater på radioen her i Sønderborg.
Ellers føler eg på meg at eg har komt inn i rytmen igjen med å stå opp tidleg for å lese. Eg klarte det i dag (sjølv om eg etter ein halvtimes lesing fra 0715-0745 måtte legge meg nedpå igjen for å sove litt til). Men eg prøver igjen i morgon.
Eg har "bete i korset" og gjort det til ein vane å kjøpe vatn. Som sagt før, smaker vatnet her i Sønderborg dårleg. Og eg merker at for å få nok vatn i kroppen, så må eg rett og slett ha vatn som smaker godt.
