Så har eg hatt meg ei flott helg med familien og deler av slekta. Eg har vore i konfirmasjon til mi niese og fadderbarn, Ingrid Marie. Ho var forresten ein flott konfirmant, og det var ein flott fest for henne.
Akkurat nå kjenner eg dessverre mest på vemodet av å ha forlatt familien igjen. Første gongen eg gjorde det (då eg drog ned hit første gong) vart vemodet litt vegd opp av spenninga ved å oppleve noko nytt. Denne gongen visste eg kva eg gjekk til, og vemodet vart ikkje vegd opp av nokon ting.
Også Hans Martin var heime med familien sin denne helga. Eg møtte han på Gardermoen. Han hadde same erfaring som meg. Det var enda hardare denne gongen.
Det eine er at eg sjølv visste at det er lenge til neste gong eg skal treffe dei. Men denne gongen følte eg at også ungane visste meir kva det dreide seg om. Eg trur dei har erfart litt meir kva det vil seie at eg er vekke. Så også dei to eldste, i tillegg til Jorunn og eg, var nok i den situasjonen i dag, at vi ikkje klarte å lure oss sjølv med at vekene går fort osv.
Eg har denne helga blitt enda meir klar over at eg må stå på med lesinga her i Danmark. Eg kan ikkje være med på dette kjøre mot familien, og så ikkje klare å bestå. Det er rett og slett ikkje eit alternativ å komme tomhendt heim.
Nå legg eg meg tidleg, for å kunne begynne tidleg i morgon. No more seine kveldar på denne karen (håper eg.)
Ellers er eg godt fornøgd med onkel Ole og min si opptreden for konfirmanten. Det var kjekt å spele gitar igjen, og det var kjekt å gjere noko morsomt og kreativt i lag. Kanskje eg får tak i videoopptaket av det, slik at eg kan legge det ut her?
