tirsdag 6. mai 2008

Tenker på mange

I lange periodar lever eg i eit vakum her i Danmark. Eg står opp, spiser frokost, går på skule, trener litt e.l og leser meir. Men eg kjem av og til ut av bobla, heldigvis. Ikkje minst er tanken på og kontakten med familien ein god peikepinn på at verden er større enn rommet mitt.

I dag begynte eg og å tenke på at eg sakna litt sladder i fra Florø. Det var litt rart, egentlig. For sladder er egentlig ikkje mi greie (trur eg sjølv;-)). Etter kvart som eg tenkte litt kom eg fram til at eg ikkje savner sladder, men at eg, når eg kjem ut av bobla, tenker på mange i Florø (også utanom familien min). Akkurat når fekk eg ei bølge over meg der eg tenkte på vaksenleiarane på TS (korleis har dei det, korleis var det på konserten, korleis var det på TS-avslutninga, vart dei takka skikkeleg på avslutninga), og ikkje minst tenker eg på dei unge vaksenleiarane som kanskje har fått seg jobb eller studieplass ein annan stad når eg kjem tilbake.

Og så kom eg til å tenke på at russane i TS kjem til å være borte vekk når eg kjem tilbake, og dei som flyttar vekk for å gå på internatskule vil heller ikkje være der. Det vart faktisk litt trist å ikkje få seie hadet til dei på skikkeleg vis. Eg har jo fulgt dei sidan dei var konfirmantar.

Og så er det det nye styret i TS, som har vore i gong sidan årsmøtet, men som eg ikkje har vore på møte med. Det blir spanande å sjå korleis det vert til hausten.

Og så skal vi jo sende 4 stykker på Ten Sing seminar i sommar. Har dei fått nok info? Føler dei at dei veit korleis dei skal komme seg dit? Korleis skal eg få ordna dette frå Danmark?

Det er litt rart når ein av ulike årsaker plutselig er tilbake på jorda og begynner å bekymre seg. Men det er litt godt og. Så føler eg at eg lever.

I dag var det forresten ein heilt fantastisk fin deg. Mine bleike legger, og til og med lår, har fått sol på seg i dag. Det var 22 grader i skyggen i dag. Så når eg kom heim, tok eg rett og slett på meg shorts!!! Middagen vart og tilbragt ute i hagen. For ein luksus.

Men det var egentlig fortent. Navigasjonslæraren tok nesten knekken på meg i sin iver etter å lære oss noko. Det er bare godt meint, og eg trur det virker på lang sikt, men når vi kjørte heimover var det ikkje mykje liv i bilen. Alle var slitne.

I morgon er det Aircraft.