
I dag fekk vi fri tidleg fordi læraren ikkje hadde fleire PowerPoint lysbilder å vise oss. Og han hadde sagt det han ville si. Så kl. 1315 var vi på stranda. Denne gongen utstyrt med solbriller, handkle, badetøy og fotoapparat. Men ikkje solkrem;-)
Eg slappa godt av i den NYDELIGE sanden, i den NYDELIGE sola i det VINDSTILLE Sønderborg- og sovna nesten.
Krf-arane var først uti sjøen, og etter mykje om og menn heiv nordlendingane seg uti og (dei meinte det kunne være litt kaldt så tidleg i mai).
Det vart ein nydeleg dag på stranda. Men her på rommet er det ikkje så nydeleg, nå. Eg er totalt solbrendt på kroppen. Eg har langsgåande solskille på magen. Det vil seie eg er solbrendt på dei delane av flesket som når nærmast sola, men krittkvit på sidene/ribbeina. Kun i ansiktet klarte eg å unngå solbrenthet, fordi eg la meg ned med ei t-skjorte over ansiktet.
Eg var ein av dei første som gjekk opp igjen. Når eg så møtte dei andre til middag kl. 1700, var dei fleste av dei også veldig røde og fine i huden. Det er nok ein del som kjem til å sove oppå dyna i natt.
Ellers har ein av oss, som den første, fått besøk av kjæresten i dag. Det er stor misunning blandt mange. Men vi unner han besøket.
I morgon drar eg heim til Norge. Eg skal i kofirmasjon til mitt dåpsbarn og niese, Ingrid Marie, i Volda. Det skal bli veldig kjekt å møte Jorunn og ungane igjen, og svigermor sjølvsagt;-) Vi skal nok stå på på lørdag for å få alt klart til konfirmasjonen (Jorunn er der og hjelper til allerede), men det skal eg gjere med glede.
Men først skal eg kruse i 207-en i ca 2 timar til Billund (Legoland) der eg skal ta flyet fra. Det gleder eg meg vanvittig til. Då skal eg nyte einsemda. Og så skal eg be kapteinen som skal fly oss frå Oslo til Volda på mine knær om å få sitte i cocpit.
