Det har blitt lenge mellom skriveøktene i det siste. Det er for så vidt ikkje vanskeleg å finne noko å skrive om, men eg sliter litt med motivasjonen pga tennisalbuen min. Etter at eg var i Florø og fekk kortisonsprøyte har utstrålinga i armen gitt seg, men albuen i seg sjølv er ikkje frisk. Så skriving og data er ikkje så gøy for tida.
Likevel vil eg skrive noko som eg har tenkt på heilt siden ca. ei veke før eg drog ned hit. Eg var jo ikkje særleg høg i hatten den siste veka, og humøret mitt og følelsane mine var ikkje heilt i lodd. Eg begynte jo den gongen sakte men sikkert å grue meg til å forlate familien. Og det var ei stor påkjenning å ha dette i bakhovudet den siste veka. Likevel kom det og noko godt ut av det. Eg begynte å sjå mine næraste på ein ein ny måte, følte eg.
Plutseleg begynte eg å legge merke til detaljar i ansiktsuttrykk som eg ikkje hadde lagt merke til før. Eg begynte å høre detaljar i språk og tonefall, eg begynte å legge merke til detaljar i kva dei gjorde. Det vart faktisk ei stor påkjenning å oppleve alle desse "nye" inntrykka. Men eg tok meg meg masse nye bilder inne i hovudet mitt som eg ikkje ville ha vore foruten i dag.
Desse opplevinga vart gjentekne når eg var heime i helga. Eg tok meg sjølv fleire gonger i å sitte og observere dei, og tenke med meg sjølv kor fantastiske dei er på alle måtar. Eg kjem til å kose meg med desse opplevingane så lenge eg har dei (til kvardagen kjem igjen?). Akkurat nå føler eg meg heldig som har fått oppleve dei på denne tydelegare måten.
