onsdag 11. juni 2008

Har eg mine skjulte sider?

Eg trur det pågåer ein debatt i gongane her som eg ikkje får være med på. Eg har nå høyrt frå to kantar at folk i gruppa mistenker meg for å være ei større festløve enn eg vil gi uttrykk for. Dei påstår altså at eg holder ting skjult for dei, at eg ikkje viser mitt sanne jeg. Korleis kan dei tru at eg holder noko skjult for dei? Korleis kan dei tru at eg ikkje utleverer meg fult og heilt, nå når vi har levd i lag sidan 19. april? Eg har fortalt at eg ikkje syns det er så veldig gøy og gå ut for å drikke og danse, og at min stil nok er å sitte ein kveld på restaurant med god mat og drikke. Men det kan virke som at nokon av dei ikkje heilt trur at det er den rette meg. Kanskje nokre innlegg på dette forum kan hjelpe til med å finne ut av kven eg egentlig er?

I dag hadde eg ein fin dag på jobb, sjølv om eg slite noko avsindig med høgre armen og skuldra for tida. Tennisalbuen som eg får av og til (sist ein laksesesong for nokre år sidan) har kome igjen. I tillegg er eg stiv rundt heile det høgre skulderbladet. (Normund har sagt han godt kan gje meg ei kortisonsprøyte når eg skal heim til helga, heldigvis.) Men eg hadde altså ein fin dag på jobb. Vi skulle ha Air Law, og eg var usikker på om eg kunne takle meir ullen historie undervisning. Heldigvis skjedde det som eg hadde håpa: læraren brukte god tid på å fokusere på det som er viktig i dei 150 første sidene. Dette gjorde at stoffe blei svært innsnevra, og til tider interessant. Nå er vi ferdige med den litt diffuse delen, og skal begynne på litt meir konkret lovstoff. Akkurat nå kan eg faktisk klare å glede meg til det.

Ellers har vi fått vite at vi skal være ferdige her på skulen den 26. september i staden for den 30. september. La meg ta det litt nøye (for spesielt interesserte):

Vi skal tilbake hit etter ferien, altså den 28. juli.
Den 31.7 og 1.8 skal vi ha innstillingsprøver i Air Law, Radio og Meteorologi.
Den 7.8 og 8.8 skal vi ha eksamen i desse faga.
Like etter eksamen får vi nok vite kva eining vi vert sendt til.
Den 26.9 er vi ferdige og kan dra heim.
Mandag den 29.9 skal vi møte i Bergen for å ha 14 dagars kurs (med eksamen) i norske meteorologiske forhold.
Den 10.10 er vi ferdige med eksamen og skal ha ei veke ferie.Den 20. oktober skal vi begynne som aspirantar på eininga vi vert tildelt.
Skulesjefen vil og prøve å legge opp til at vi kan få ei langhelg fri i overgangen august-september.
Bilde over viser frokosten min (ein tallerken med havregryn m.m. i bakgrunnen) og nista mi. Ser det ikkje både godt og sunt ut? Den er omtrent som dette kvar dag. Pålegget kan vi klare å gjere ganske sunt, men vi slit med å få grove rundstykker/brød her på huset. Vi har prøvd å nå gjennom til bakaren via ulike kanalar, men det ser ut som at danskane har vodt for å lage grov mat (utanom det grove salte brødet dei er så kjende for). Vi får sjå.

Andre ting vi slit med er at nokon opnar posten vår før vi får den. Dette har i alle fall hendt 3 gonger. Dette er sjølvsagt uhørt, og dei skal vist prøve å ordne opp i det.

I dag fekk eg rominspeksjon. Vi bur jo på eit skulehjem for (mest) ungdom. Og det var varsla at reinhaldspersonalet skulle inn på romma i dag for å sjekke om vi holdt det reint og ryddig. Tor Arne var akkurat komt ut av dusjen då dama banka på, så han sleit litt med å sjå anstendig ut;-)

Eg trur eg kom godt igjennom det. Det hjalp kanskje at eg akkurat holdt på å tørke støv når ho kom?

I morgon er det Radio igjen. Då kjem eg nok til å vandre mellom djup bølgedal (høretestene) og bølgetopp (når vi kobler oss i samen og leker at vi er flygere som snakker med eit tårn).