Så vart det eit sjokk nok ein gong. Vi har begynt med radiofaget, og vi skal m.a. (på eksamen) testast på om vi klarer å høyre, skrive ned og forstå "live" radiomeldingar frå ulike tårn i Danmark. Eg har jo snakka på radio dei 3 åra eg har flydd, men når vi begynte å høyre på flymeldingar i forrige veke fekk eg bakoversveis. Eg kan ikkje unnskylde meg med at dansk-engelsk er problemet, nei problemet er nok mykje større enn det. Likevel følte eg i forrige veke at det var ein viss progresjon.
I helga høyrte eg til sammen 1,5 timar med radiomeldingar som vi har fått på CD og minnepinne. Så difor trudde eg at eg var godt budd til nye "testar" i dag. Men nei da. Når CD en startar får eg likevel sjokk over kor fort dei snakkar, kor uklart dei snakkar og kor mykje som egentlig skal noterast ned på ca. 10 sekund. Spesielt har vi lagt ATIS`en i Roskilde for hat (lurer du på kva ATIS er? Eg veit det....:-)) Den vert nemleg lest inn manuelt av ein person, i staden for å være datagenerert. Du anar ikkje kor utydeleg ein menneske kan snakke når det (tydelegvis) er konkurranse om å snakka fortare enn den datagenererte ATIS`en i København. Vi var faktisk ganske enige om at hadde nokon gitt oss ei hagle, hadde vi med glede gått den lange vegen til Roskilde for å bruke henne.
Men utruleg nok så går de betre og betre (som vanleg).
I morgon skal vi og ha radio. Då skal vi koblast opp mot kvarandre og leike at vi flyr flyruter i Danmark. Vi studentane skal være fly og læraren skal være tårnet. Då reknar eg med at eg fort finn ut om tårna i sunnfjord er snille med meg når eg er ute og flyr, eller om eg kan dette ganske bra.
Har forresten trent styrke i dag. Så nå slepp eg å kjenne på verken i den vonde skuldra. (nå berre kjenner eg på verken mange andre stader på kroppen).
