Så er det fredagskveld og eg tenker nok ein gong at veka har gått fort. Det er fortsatt litt rart det der, at veka går fort, for dagane går nemleg ikkje fort. Og ikkje nettene heller. Men veka går altså fort. Vi har begynt på den siste helga før ferien, og eg tenker at det skal bli ubeskriveleg godt med ferie.
Helga har egentlig ikkje begynt skikkeleg. For vi skal ha undervisning i morgon og. Fra kl. 0800-1400. Grunnen er at læraren vår i Air Law var sjuk ein gong. Og for at vi skal få tatt dagen igjen før eksamen, må det bli undervisning i morgon. På ein måte er det like godt. For eg trur helga kunne blitt veldig lang og kjedeleg utan.
I neste veke skal vi ha Air Law på mandag og så skal vi ha tirsdag, onsdag, torsdag og halve fredag med generell radiokommunikasjon. Mange ser litt mørkt på å ha Gen com så mange dagar på rad. Men eg har valgt å sjå positivt på det. Eg trur nok dagane kan bli lange og harde (det er eit krevande fag der vi må konsentrere oss veldig når vi hører på radiokommunikasjon (og skriver det ned) og når vi deltar i radiokommunikasjon.) Men det som er bra, er at vi er ferdige med å gå gjennom teorien. Det vil seie at det ikkje kjem ny teori desse dagane, og dermed kan eg fokusere på den teorien vi har hatt sidan 2. juni. Klarer eg halde oppe intensiteten desse dagane, skal eg få god kontroll på både Gen com, Air law og Meteorologifør ferien.
Som dåkke kanskje veit skal vi nemleg ha innstillingsprøvene og eksamen i desse faga dei første to vekene etter ferien. Eg har derfor tenkt å være veldig flink å lese fram mot ferien, slik at eg slepp å lese i ferien. Håper eg klarer det.
Det som jo og er spesielt er at Jorunn og ungane skal være her den første veka etter ferien, altså den veka vi skal ha innstillingsprøvane. Då vil eg nok heilt sikkert ikkje få lest så mykje som eg burde. Difor leser eg mykje nå. (Håper nå at mine kolleger som leser dette, forstår litt meir av kvifor eg er så kjedeleg og lite sosial desse vekene;-))
Eg må nok innrømme at det skal bli godt å få ferie (eg er ikkje flau for å innrømme det;-)). Det er ikkje så mange planar for ferien, men nokon. På laurdagen skal hekken klippast. På mandag, når Jorunn og Mari er vekke, og Johanne er i barnehagen, skal eg fly. Flyet er allerede bestilt. Eg har eit håp om å få med Trond Øien på tur, og onkel Arne. Trond fekk flytur i gave av meg på 40-årsdagen sin for snart 2 år siden. Onkel Arne fekk flytur i gave av slekta til 70-årsdagen i fjor sommar.
Men først må eg opp i flyet åleine for å øve meg litt.
Så veit eg at det og er andre som ønsker å fly. Eg håper spesielt at min kollega Tor Arne får seg ein tur fra Sandane. Dette hadde eg syntes var veldig kjekt. Er det andre som vil være med på tur?
I morgon er det frokost kl. 0700 igjen.
