tirsdag 1. juli 2008

Fagforeningsbesøk og sjokk.

I går hadde vi fagforeningsbesøk her. Det kom ein liten delegasjon på 2 personar fra STAFO-luftfart. Dei ville informere oss litt om kva tilbod dei hadde til oss, om vi organiserte oss gjennom dei. Dei hadde ein grei gjennomgang, syns eg, utan at dei sverta sin konkurrent NTL luftfarten for mykje.

Det viktigaste er jo sjølvsagt at ein organiserer seg, og kanskje ikkje kor hen ein er medlem. Dei fekk i alle fall sagt på ein god måte, at det er viktig å være organisert. Også innan for AVINOR er det tydelegvis arbeidskonflikter som det kan være godt å få hjelp til å handtere.

Etterpå inviterte dei oss ut på middag. Eg valgte å seie neitakk, då eg ikkje følte meg hverken i form eller i humør til å dra. Eg merkar at eg begynner å bli sliten, og det blir litt ekstra når ting som skjer i Norge med min familie og venner, går inn på meg. Så i går var eg ikkje i festhumør.

Eg prioriterte heller å ta kontakt med ein del folk som det var viktig for meg å prate med. Det koselegaste var egentlig å Skype med Johanne. Ho er søt og direkte på telefonen. Ho lurte jo veldig på om eg savna henne og om eg gleda meg til å komme heim til henne snart;-)
Eg måtte jo innrømme at det gleda eg meg veldig til.

Vi hadde en eksamenslik-prøve i går i Air Law. Eg trudde eg hadde full kontroll på faget, etter at Tor Arne og eg hadde gått gjennom boka ein siste gang kvelden før. Når eg så fekk denne prøven på bordet fekk eg sjokk. Spørsmåla var vanskelege, og dei var stilt på ein vanskeleg måte. Nokon av oppgåvene hadde en veldig lang innledning på lov-engelsk, så et var vanskeleg å finne ut av kva oppgåva egentlig handla om, og kva dei spurte om. Det var mange av oss som hadde den opplevinga. Ut av 80 spørsmål hadde eg 35 feil! Det motiverer til å stå litt meir på. Nokon av oppgåvene var spesielt for Danmark og Grønland, så dei kan eg vel trekke fra:)

Eg hadde egentlig tenkt å fokusere på meteorologi dei siste dagane, men nå må eg og tenke litt på law og.

I dag, morgon og torsdag skal vi ha Radiokommunikasjonsfaget. Det gleder eg meg litt til, faktisk. Men mange her er begynt å bli lei av det. Dei føler at dei kan faget godt nok. Men: Skal vi til slutt enda opp med engelsknivå 5 eller 6,så må vi og ha 5 eller 6 på 2-veis kommunikasjonen i radiofaget. Så for min del er det bare å øve seg på dette og. Får eg 5 på engelsk, så slepp eg å bli testa på dette så ofte i framtida, som eg blir om eg får 4 (som er den lavsete "ståkarakteren"). 6 får eg nok ikkje på engelskintervjuet, men kanskje på radio?