Så er vi endeleg heilt ferdig med modul 2. Det tok si tid å bli heilt ferdig, da den siste eksamen vart utsett ca ei veke. Men nå er altså Aviation Law også fullført. Eg veit eg har stått, men har ikkje fått karakter enda. Det var visst så mykje gale med fasiten, at dei måtte sjå over ein gong til. Det var faktisk slik at på fleire oppgåver hadde alle gjort den samme "feilen", det indikerer nok at det heller er fasiten som er feil.
Ellers var det ekstremt vanskeleg å konsentrere seg på eksamen i går. Var det fordi det var søndag kl. 1200 eller kan det ha vore andre ting? Eg har hatt mykje å tenke på i helga, og bekymre meg for, så det gjekk i alle fall utover nattesøvnen. Og kanskje og utover konsentrasjonen på eksamen.
Den samme sedvanlige tomheten kom over oss etter denne eksamen og. I alle fall over meg. Så etter eksamen i går såg ein film "Never back down" og trente ei økt heilt aleine på treningsrommet. Etter det følte eg at kanskje kunne begynne å tilnærme meg eit sosialt liv igjen.
Humøret er nok litt betre i dag, men bekymringane er der fortsatt.
I dag er det første skuledag i Florø, og Jorunn er er ferdig med sin ferie. Det blir nok eit stort temposkifte i heimen nå. Skulle gjerne ha vore der og hjelpt til.
