Så var vi jammen ferdig med modul 2 også. Det er nesten ikkje til å tru;-) Men det er faktisk sant (utan om at vi må ha LAW eksamen om 1,5 veke). Etter det vi har høyrt er vi nå ferdige med ørkenvandringa i studiet. Vi er ferdige med alle dei grunnleggande faga der vi har måtta lære mykje meir enn kva vi kjem til å bruke i den praktiske utøvinga av jobben vår. HIPP HIPP JUHUU.
I går hadde vi eksamen i Meteorologi. Og så skulle jo helga bli en lang og fin feiring av at vi vart ferdige. Men slik vart det ikkje (pga LAW). Men uansett burde vi jo kunne feire ein god del i går, men så skjedde ikkje. Det var bare ein veldig merkeleg stemning her. Nokon var slitne, nokon var deppa og nokon var veldig rastlause. Og sjølv gjekk eg berre og tenkte på korleis eg skal klare å motivere meg til å lese LAW, når eg mykje heller vil fokusere på dei prakiske faga vi nå skal ha framover.
Og så trur eg vi er blitt litt bortskjemte. Eg og fleire med meg var misfornøgde med karakteren vi fekk på meteksamen. Ikkje på sjølve karakteren, men på oss sjølv for at vi ikkje fekk betre karakter. Eg må innrømme at det er skammeleg å tenke slik. Sjølv fekk eg 97% rett (2 feil av 60), og burde jo vere veldig glad!
Etter dette må eg aldri gløyme:
1. feil: Når du ser høgde på Low Lewel kart så er ikkje høgdene i FL, men i feet! Så 065 er ikkje FL 065, men 6500 feet.
2. feil: når du skal rekne ut temparaturen i ei høgde, og du har fått oppgitt temp i ei høgde over og i ei høgde under, så må du alltid rekne ut fra den høgda som er nærmast di høgde! Og ikkje den andre.....
Sidan det ikkje vart feiring og jubelscenar i går, trur eg mange såg mørkt på helga. Helgene her går nemleg veldig seint, om du ikkje har noko å gjere på.
I neste veke skal vi begynne på fag som Air Traffic Management, Unusual/emergency situations. Det skal bli supert. Og så skal vi ha nokre korte økte med faga vi har hatt før. Men denne gongen skal vist vinklinga på faga vere meir praktisk retta mot det vi treng i jobben vår.
Neste eksamen vil vere den 22.08. Då vil det vere både for LAW og for desse 14 dagane med AFI-modulen.
