I går satt eg og såg på bilder fra Praha som Kristian har lagt ut på Facebook. Må ha vore over 300 bilder. Det er så lett å sjå at dei må ha hatt det kjekt der. Og eg får skikkeleg vondt i magen av å tenke på at eg ikkje fekk det med meg. Skulle så veldig gjerne ha vore med Florø TS og KrinsKrams i Praha. Og så blir eg veldig ambvivalent (heter det det?) over at eg ikkje får med meg TS i haust. Eg har jo liksom sagt at eg, pga studiene, skal ha pause dette skuleåret. Får sjå om eg klarer å halde meg vekke.
Det er egentlig veldig rart å ha den følelsen som eg sit med nå. Eg har vore med i TS og ungdomsarbeid i mange år, og eg har sanneleg og vore sliten og lei. Men når eg ser tilbake og tenker på alt det utruleg som har skjedd med ungdomar, vaksne, arrangementer osv i den samanhengen som TS og KM er, så må eg berre smile over heile meg.
Vi er jo ganske ulike vi som er på kullet her. Og alle veit jo at eg er KM-ar og at eg har vore aktiv i TS (Dei brukar vissst kallenamnet Ten Sing på meg når eg ikkje er til stades;-)). Vi er jo vant med fordommar mot TS og KM, og det møter eg på her og. I ein alder av 37 så betyr det ingen ting, men eg må jo få lov å tenke at mangen fleire enn meg burde få oppleve å være i eit KM miljø eller tilsvarande. TS er ein ting, men eg har jo og vore på Risøya i sommar. Tenk at eg er så heldig å være i eit slik miljø.
Men det er altså utruleg vanskeleg å formidle kva eit slikt miljø er, kva det gjer med ungdom og kva gleder eg som vaksenleiar får i eit slikt miljø. Veldig vanskeleg. For fordommane og vrangforestillinane er så mange og sterke.
Så eg opplever faktisk her og at det ikkje er noko poeng i å prøve å forklare noko som er så vanskeleg å forklare. (Det er ikkje lett å snakke om følelser;-)?).
Eg har sagt det før og eg seier det igjen. Idretten og politiske organisasjonar har kjem langt under KM når det gjeld å skapa "dugande endestaur" og når det gjeld å gje ungdom ballast i livet!
