I dag fekk eg for første gong tillitt av AVINOR. Og det til og med før vi har begynt:-) Håper det blir meir etter kvart. Dei lurte på om eg kunne være ansvarleg for bensinkortet vi har tilgang til i Sønderborg;-)
Eg har tydelegvis framstått som ein ansvarsfull mann, om ikkje ung.
Det er nå kjekt å få litt ansvar i Danmark, men ikkje så kjekt om det skulle bli surr med kvitteringar osv. Og så får eg nok ein PIN-kode å halde orden på.....
Eg har sjølvsagt takka ja til ansvaret. Gjer jo alltid det:-) I og med at eg er glad i skjema, er vel kona rimeleg bekymra for om eg lager så vanskeleg system at eg går alle på nervene. Ja, ja. Vi skal nå ikkje være på "Farmen", så eg kan vel ikkje bli stemt ut.....
