torsdag 17. april 2008

Pakking

Nå har eg lagt veldig mange klær ut over senga. Eg har begynt å pakke...........

Det er ikkje så lett, egentlig. Skal eg ta med alle sokkane mine? Her i heimen trengs dei jo ikkje. Og ikkje treng eg å begrense meg på same måte som når eg skal på weekend. Eg kan faktisk pakke i meir enn eit kolli om eg vil. Eg skal trass alt vere vekke i 20 veker. Kor mange weekendar vert det?

Vi har jo sjølvsagt høve til å vaske klær på studenthjemmet, men er det noko poeng å ha med seg så lite som mogleg? Grensa på flyet er 20 kilo. Kan bli mange truser av det..

Dei tyngste tinga skal heilt klart i handbagasjen, uansett. I morgon vert alt avgjort.