fredag 18. april 2008

Avslutning på jobben

I dag var det jo og siste arbeidsdag på jobben. Det er jo ikkje heilt vanleg å seie opp jobben i prøveperioden, men slik vart det for meg denne gong.

Avslutningsdagen vart ikkje heilt som planlagt. Dette skuldast m.a. sjukt barn i heimen. Johanne (minste jenta) har vore sjuk heile veka. Også i dag. Eg var heime med henne onsdag og torsdag, og fekk difor ikkje gjennomført avtalene mine desse dagane. Det førte til at det vart litt meir stress på avslutningsdagen enn eg hadde tenkt. I tillegg vart dagen i dag kortare enn planlagd, då eg måtte heim til mitt sjuke barn i 14-tida. Ho var med Jorunn (kona mi) på jobb først på dagen, slik at eg skulle få avslutte jobben min på skikkeleg vis. Men altså mot slutten av dagen måtte eg heim og ta meg av henne.

I tillegg til dette, så var dei fleste andre på jobben veldig travle (med m.a. jobbintervju for å skaffe min arvtakar), så den heilt store nedtrappinga mot helg vart det ikkje. Eg fekk nå sagt takk for meg til dei som var der, og det gjekk heldigvis ganske greit (for min del betyr det; utan tårer).

I morgon kl. 0700 dreg eg med fly til Oslo for å ta fatt på det som eg har gleda meg til lenge. Ærlig talt må eg seie at alvoret sakte men sikkert har komt inn over meg den siste veka.

Akkurat nå føler eg at dei har rett alle dei som har sagt til meg at eg er nå ganske tøff som gjer dette. Flytte frå familien så lenge m.m. Ta ei utdanning der du ikkje veit når det vert lyst ut ledige jobbar. Kor mange flytårn er det egentlig i Sunnfjord;-)

Det er faktisk ganske tøft for meg nå, når eg snart skal dra. Men eg trur det blir bra, bare eg kjem i gong. Den største bekymringa er jo at eg bekymrar meg for dei som vert igjen heime. Det er f.eks. ikkje bare-bare å være plutseleg åleinemamma med tre ungar og ein krevjande jobb.

Mange gode venner har sagt at dei vil hjelpe oss med barnevakt m.m. i denne perioden. Det er vi veldig glade for. Eg håper bare det vert lett å spørre dei framover.

Nå skal vi kose oss i heimen, og ha avskilsparty:-)