mandag 19. mai 2008

Så var første prøveeksamen over

Og det var ei selsom oppleving. Vi har jo egentlig hatt roen på denne prøva, då læraren har klart å gjere slik at alle har meint at navigasjon var det vanskelegaste og kjekkaste. Men i dag kom sjokket. Av 48 oppgåver var 2 slike som vi aldri har lært, 3 oppgåver gjekk på 1-60 regelen og to gjekk på å finne drift fra True Heading, 2 som gjekk på vindkorreksjon, og samtidig var det (etter vår meining) ei oppgåve der fasitien var feil.

Det som skjer med så mange like oppgåver, er jo at om du ikkje kan ei av dei, så kan du ikkje dei andre heller. Av 13 studentar, var det 5 som strøyk. Det er jo alt for mykje. Var det noko feil med oppgåvene eller er det noko feil med undervisninga?

I morgon skal vi ha dette faget heile dagen, og gå gjennom oppgåvene. Vi er veldig spente på om læraren tek sjølvkritikk på oppgåvene.

Eg fekk 10 feil (80%) rett. Det er eg ikkje nøgd med. Om vi trekk frå oppgåvene som var feil og vanskelege, ser det jo betre ut, men eg kan ikkje seie at eg fekk roen av å være så på grensa.

Gjennomsnittleg feilprosent på gruppa var 75%. Det er 11,5 av 48 svar feil. Det vil faktisk seie at vi som gruppe hadde eit gjennomsnitt på akkurat ståkarakter. Det kan jo ikkje ein lærar være nøgd med?

På torsdag har vi prøveeksamen i Human perfomace and limitations, og på fredag er det Equipment. Equipment vert nok det vanskelegaste for meg (og for mangen fleire).

Ellers prøver eg å finne sommarhus til familien min her i Danmark. Vi skal være i lag her fra 27. juli-4. august. Det er ikkje så lett å ordne, men skal oppsøke nokre utlånsfirma i helga, trur eg.

Eg kan faktisk anbefale denne delen av Danmark som sommarferieplass. Det er mange nydelege strende, rolege omgjevnadar, kort veg til Tyskaland og ein del severdigheter. Det tar bare 4 timar fra Hirtshals til hit. Det er eit lite land.