fredag 16. mai 2008

Nå er eg skikkeleg gira

Nå står eg skikkeleg på altså. Leste til kl. 2200 i dag, saman med Tor Arne. Vi har gått gjennom eit oppgåvesett i Navigasjon og dei 131 (?) oppgåvene i Aircraft. Vi er ganske gira, då det er "innstillingsprøve" i Navigasjon på mandag kl. 0800.

I går fekk vi eit sett med oppgåver (se over) av nav-læraren som skulle være ganske eksamenslike (for at vi skulle sjå kva vi gjekk til). I dag fekk vi vite at det han hadde sendt oss var innstillingsprøven;-) Litt synd at sjefsintruktøren merka det, for nå har han laga ny prøve til oss. Men på ein måte var det kanskje bra og. Hadde vi alle fått 100% rett på innstillingsprøven, ville nok eksamen blitt ekstra vanskeleg. Eg tok testen uten hjelpemidler i dag, og hadde kun 4 feil av 42 spørsmål:-)

Ellers er det ganske få normenn på huset i kveld. Grunnen er at det er Beachparty på stranda. Og det skulle være mykje gratis drikke der! Så da får ein heller feste så mykje ein kan. Dei var nå heilt einige om at om dei gjekk heim kl. 0200 i natt, så skulle dei være klar for lesing i morgon igjen. Det er dessverre ikkje argument som eg evt. kunne brukt.

I går spelte vi beachvolley fra 1900-2030. Det var veldig gøy. Vi var 8 nordmenn og 3 fra flyskulen som ligg ved sidan av vår skule (ei svensk jente og to gutar frå Færøyene). Det er litt gøy med beachvolley, spesielt når ein kan få ein eller fleire av sine motspelarar til verkeleg å strekke seg i sanda:) Det vart litt spytting av sand på meg og.....

Ellers begynner det å spre seg ei sterk missnøye med husets kjøkken. Vi spiser jo i ei kantine med mykje mat. Likeve er det mange av oss som begynner å bli litt misfornøgd med maten. Eg klager ikkje så mykje, men som ein sa: "Eg trur nordlendingane må være vandt til veldig god mat" Det som eg nok vil klage på er servicen der nede. Det er jo faktisk slik nå, at ein nesten ikkje tør å spørre etter noko. I dag var det noko som gjerne ville ha smør til brødet som vart servert til maten. Det kunne dei ikkje få, då det ikkje vart servert smør til "aftens." Slik service er dessverre kritikkverdig.

I morgon er det 17. mai og det vert sjølvsagt lesing. Men eg har og to andre planar. Eg skal gå meg ein lang tur for å lufte vetet. Eg har ikkje trimma på veldig lenge (volleyballen vart egentlig ikkje trim). Det andre eg skal gjere er å oppsøke campingplassane i område for å sjå om eg kan bestille ei fin hytte til familien i august. Då skal dei være her den første studieveka mi etter ferien.

Ellers synest eg nok at det er litt vanskeleg å halde kontakt med min venner og familie når eg her her. Familien i Florø går greit, men det er verre med venner og familie andre stader. Er er jo å få tak i på telefon (det koster jo litt) eller på skype (som hordvik2). Det er bare å ta kontakt.

Eg ønsker alle ei fin 17. mai i gamlelandet:-)