søndag 18. mai 2008

Som sagt: Skikkeleg gira

Så var 17. mai 2008 over, og eg kjem ikkje til å huske den som 17. mai. Eg har hatt ein flott og nødvendig lesedag i dag, og er stolt av meg sjølv pga det. 17. mai har eg ikkje feira, og eg har heller ikkje angra på at eg har prioritert som eg har gjort.

Grunnen til at eg er her er helt og holdent for å bli AFIS. Eg har vore ganske flinkt til å halde fokus på dette, og eg er sikker på at nokon av mine medstudentar meiner at eg er med på for lite gøy. I sin godhet klarer dei nok heilt sikker å finne ein unnskyldning for det, nemleg min høge alder;-) Eg vil nok ikkje legge all skuld for mi manglande deltaking i utelivet på alderen min. Då mitt store fokus på kvifor eg er her, er skulegangen. Difor har eg og god samvittighet for at eg ikkje feira 17. mai. Fokus....

Men: Eg er veldig glad for at det vart ei fin 17. mai for familien min i Florø. Det gleder meg veldig. Dei hadde fint ver, alt gjekk ganske bra på morgonen (påkledning og det å komme seg tidsnok ut av huset) og dei hadde ein fin dag med min svigermor og gode venner. Då er eg lykkeleg:-)

Eg har vore her i 4 veker nå, og føler eg har vore her lenge. Det er ikkje det at tida går seint, for det gjer ho ikkje. Det er bare det at det har skjedd så mykje og det har vore så mykje å fokusere på. One to go, four left.